Eting
Eting er inntaket av føde, særleg for å gje ein heterotrof organisme energi for å kunne leve, og for at han kan vekse. Dyr og andre heterotrofe individ må ete for å overleve. Kjøtetande et andre dyr, planteetande et planter og altetande et ei blanding av både plante- og dyremateriale. Sopp fortærer organisk materiale på utsida av lekamane deira, i motsetnad til dyr som meltar maten sin på innsida av kroppen.
For mennesket er eting ein del av dagleglivet. Nokre individ ønskjer å avgrense næringsinntaket sitt, noko som kan vere resultat av val av livsstil, på grunn av knappe ressursar eller som del av ein diett eller religiøs faste.