Magasinet New York

New York er eit amerikansk vekeblad. Det tek for seg livet, kulturen, politikken og moten i New York by. Bladet blei grunnlagt i 1968 av Milton Glaser og Clay Felker som ein konkurrent til The New Yorker. Det var frekkare og mindre høfleg i stilen enn konkurrenten, og bidrog til utviklinga av såkalla new journalism.[1]

New York

LandUSA
TypeTidsskrift
Grunnlagd8. April 1968
EigararVox Media
SpråkEngelsk
HovudkvarterNew York by
ISSN0028-7369
OCLC1760010
Nettstadhttps://nymag.com/ (engelsk)

I 2009 var opplaget på 408 622, og 95,8 % av desse kom frå abonnement. Nettstadane til bladet — NYmag.com, Vulture.com, The Cut og Grub Street — hadde i 2013 over 14 millionar besøk kvar månad.[2]

I 2018 la eigaren til bladet, New York Media, inn ein betalingsmur for alle nettstadene sine,[3] følgd av fleire oppseiingar tidleg i 2019.[4]

Kjelder

endre
  1. Wolfe, Tom. (14. februar 1972) Tom Wolfe Gives an Eyewitness Report of the Birth of 'The New Journalism' - New York Magazine. Nymag.com. Henta 23. oktober 2013.
  2. Bhuiyan, Johana. (31. mai 2013) 'New York' mag hires new online deputy, as traffic grows Arkivert 2013-07-01 at archive.ph Error: ukjent arkiv-URL. Capital New York. Henta 23. oktober 2013.
  3. «New York Magazine’s Sites Are Going Behind a Paywall» (på engelsk). Henta 12. november 2018. 
  4. Darcy, Oliver (11. mars 2019). «New York magazine lays off staffers as publication undergoes restructuring». CNN. Henta 11. mars 2019. 

Bakgrunnsstoff

endre