Det joniske havet
Det joniske havet (albansk Deti Jon (som tyder «vårt hav»), gresk Ιόνιο Πέλαγος, italiensk Mare Ionio) er ein arm av Middelhavet, sør for Adriaterhavet. Området er avgrensa av dei sørlege områda av Italia, inkludert Calabria, Sicilia og Salento-halvøya i vest, og av Albania, og fleire greske øyar i aust, inkludert Korfu, Zakynthos, Kefallinia, Ithaka og Lefkas. Desse øyane vert kalla Dei joniske øyane. Andre store øyar er mellom anna Strofades, Sfagia, Schiza, Sapientza og Kythira. Havet er eit av dei mest seismisk aktive i verda.
Det går ferjeruter mellom Patras i Hellas og Brindisi og Ancona i Italia i den nordlege delen av havet, i tillegg til skipsfart til Pireás.
Etymologi
Ionius var son av Kong Adrias av Illyria, som gav namn til Adriaterhavet. Det har òg vore sagt at Ionius var son av Dyrrhachus frå byen Dyrrhachium (Epidamnos i antikken, i dag Durrës). Då Dyrrhachus vart angripe av sine eigne brødre, fekk han hjelp av Heracles, som reiste gjennom landet. Men under slaget gjorde helten ein feil og drepte sonen til Dyrrhachus. Liket vart kasta i havet, og etter dette vart havet kalla Det joniske havet.
Byar
I rekkefølgje frå sør til nord i vest, og så frå nord til sør i aust:
- Syrakus, hamn, V
- Catania, hamn, V
- Saranda, hamn og ei strand, NØ
- Parga, lita hamn
- Astakos
- Fiskardo, lita hamn
- Keri, inga hamn
- Methoni, lita hanmn og ei strand
Bukter og sund
- Messinasundet, V
- Tarantobukta, NV
- Ambracianbukta, Ø
- Patrasbukta, sameinar Korintbukta, ØSØ
- Cyparissbukta, SØ
- Messenbukta, SØ
- Laconibukta, ØSØ
Tilløp
I rekkefølgje frå nord til sør
- Pineios
- Ambracibukta
- Elva Acherontas
- Patrasbukta/Rio-Antirriosundet
- Elva Acheloos
- Elva Glaucos/Glavkos - Panachaicusfjella sør for Patras
- Elva Louros, nord
- Cyparissibukta
- Elva Alfeios
- Elva Kladeos
- Elva Erymanthus
- Elva Ladon
- Ladonsjøen
- Elva Loussios
- Elva Larissos - Nea Manolada
- Elva Neda - Elia-Messenia-grensa
- Elva Alfeios