Dei største fallstrekningane er i Jinsha-delen av elva, det vil seia der ho renn langs grensa av, eller gjennom, Yunnan. Her er det tolv kraftstasjonar på til saman 41 000 MW stasjonsyting med ein årsproduksjon på ca. 200 TWh (milliardar kWh). I tillegg blir det produsert kraft i bielvane, som Ertan kraftstasjon i Yalong-elva.
Det største og kraftigaste vasskraftanlegget i verda, Tre kløfter-demningen (Sanxia, «Tre kløfter»), har blitt bygd ved Sandouping ovanfor Yichang i Hubei, og har ein kapasitet på 22 500 MW. Dammen er meint å redusera skadeverknadene av dei hyppige flaumane i området og dessutan bidra med kraft til den økonomiske utviklinga av det sentrale Kina. Vasskrafta gir rein fornybar energi til Kina, der luftforureininga på grunn av kolfyrte varmekraftverk er blant dei mest alvorlege i verda.
Dammen blir likevel også rekna for å ha gitt enorme forstyrringar og uopprettelege skadar på miljøet. Prosjektet er av enkelte miljøvernorganisasjonar kalla for det mest øydeleggjande vasskraftutbyggingsprosjektet i historia sett frå eit sosialt og miljømessig synspunkt. Vassmagasinet strekkjer seg 550 kilometer oppover elva, heilt til Chongqing by. 13 store byar, 140 mindre byar og over 1300 landsbyar er lagde under vatn, og over 1,5 millionar menneske måtte flyttast til nye heimar. Det blir også rekna med at miljøgifter frå talrike gamle fabrikkar og gruver vil samla seg i vassmagasinet og utgjera ein fare for både dyreliv (mellom anna delfinar) og menneske som lever av elva.
Kommentarar (1)
skreiv Sverre Olav Lundal
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.