Japan
Nippon (Nihon-koku) 日本国 (norsk: Japan, japansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Kimigayo» | ||||||
Motto | Ingen | ||||||
Offisielle språk | Japansk | ||||||
Hovudstad | Tokyo | ||||||
Styresett |
Konstitusjonelt monarki Naruhito Yoshihide Suga | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
377 915 km² (61.) 0,8 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2004) – Tettleik |
126 451 398 (10.) 127 333 002 334,6 /km² (27.) | ||||||
Nasjonaldag | 23. desember | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
4 658 000 mill. USD (4.) 41 200 USD (30.) | ||||||
Valuta | Japansk yen | ||||||
Tidssone | UTC +9 | ||||||
Telefonkode | +81 | ||||||
Toppnivådomene | .jp
|
Japan (japansk nihon, 日 (sol) 本 (opphav), «soloppgangslandet») er eit øyrike heilt aust i Asia. Det ligg ved Stillehavet, aust for det japanske havet som skil det frå Kina, og den koreanske halvøya, som har kort veg til Japan over Koreasundet. Det har rundt 120 millionar innbyggarar.
Japan er sett saman av nokre store og fleire små øyar. Dei store øyane, frå nord til sør, er Hokkaido, Honshu (den største), Shikoku og Kyushu. Landet ligg svært isolert til, og har utvikla sin særeigne kultur, med noko påverknad frå Kina. Etter Den andre verdskrigen har den sterkaste påverkinga kome frå USA.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå japansk geografi.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Dei 4000 øyane i Japan går frå tropane i sør til nordlege midlare breidder i nord, så ein har store klimatiske kontrastar frå nord til sør. Hovudtrekka er derimot at vinteren er kald og somrane er varme og våte. Om vinteren, når den kalde nordaustlege vinden i samband med den asiatiske monsunen tar med seg fukt frå Japanhavet fører dette til ein av dei største klimakontrastane i verda. Vestsida av fjella som deler Honshu på tvers, særleg dei sentrale områda, får store mengder snø, som fell nesten dagleg gjennom vinteren. Ibukifjellet har verdsrekorden for største snødjupne med 11,82 m frå 1927. I låglandet kjem det ofte opp mot 150 cm i løpet av vinteren, men mengda varierer ein god del frå år til år. Sjølv dei sørlege områda på Kyushu kan få nokre dagar med snø kvart år. Kysten av Stillehavet og området rundt innsjøen Seto Naikai har derimot eit ganske anna klima med klårt og kjølig vêr. Fleire område her har meir sol om vinteren enn om sommaren. Seint på vinteren eller tidleg på våren kan små lågtrykk kome opp frå Taiwan og gje litt regn eller snø i dei sørlege eller austlege byane.
Ustadige varmeperiodar i mars trengjer seg nordover og fører til bløminga av kirsebærtrea på Honshu i april. Midten av våren er vanlegvis ei fin tid i Japan med unntak av enkelte episodar med sandstormar frå Mongolia som fargar himmelen gul. Ein kan få litt regn av og til, og innimellom kraftige hagl- og torebyer. Etter kvart strekkjer den kinesiske monsunfronten Mei-yu seg inn over Japan, her kalla Bei-u. Dette kan føre til kraftig regn i heile Japan i vekesvis, med unntak av Hokkaido, vanlegvis frå midten av juni til tidleg i juli. Når fronten har regna frå seg set sommaren inn for fullt med tropiske temperaturar som varer til ut i september. Vêret er trykkande men sjøbris og torebyer på ettermiddagen kan gje litt friskare forhold. Ein svakare versjon av Bei-u-fronten flyttar seg sørover igjen i september og oktober, og kan gje nokre veker med regnvêr igjen. Japan vert i gjennomsnitt råka av tre-fire tyfonar kvar haust, og særleg den sørlege kyststripa er kan få store øydeleggingar og flaum.
Hokkaido, som er den nordlegaste av dei store øyane, er fleire grader kaldare året rundt enn dei andre øyane. Sjølv om Hokkaido er litt tørrare enn Honshu får ho likevel rikeleg med regn og snø. Dei austlege områda får i snitt 800 mm i året, medan den vestlege sida kan få opp mot 2000 mm. Ofte har ein tåke på den søraustlege kysten frå juni til august. Temperaturane kan variere ein god del frå år til år både om vinteren og om sommaren.
Dei subtropiske øyane i Japan har forholdsvis tørre vintrar, men ein kan få ganske så kjølig og skya vêr så langt sør som til Okinawa. Sommaren er varm, fuktig og solrik, men somme tider tyfonar kan slå til mot øyane med full kraft.
Politikk
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå japansk politikk.
Japan er eit konstitusjonelt monarki der keisaren har avgrensa makt. Keisaren har i dag primært seremonielle funksjonar og er definert av grunnlova som «symbolet på staten og folket». Makta er i hovudsak hjå den japanske statsministeren og andre valde medlemmer av nasjonalforsamlinga.[1] Naruhito er keisaren av Japan frå 2019.
Det lovgjevande organet i Japan er nasjonalforsamlinga, eit parlament med tokammersystem. Nasjonalforsamlinga utgjer eit representanthus (Shugi-in) med 480 medlemmer, som vert utnemnde ved val for fire år, og eit rådgjevarhus (Sangi-in) med 242 medlemmer, som vert utnemnde ved val for seks år. Det er ålmenn stemmerett for vaksne over 20 år.
Administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå prefektur i Japan og regionar i Japan.
Japan er administrativt delt inn i førtisju prefektur (ken), kvart av dei med ein folkevalt guvernør og representative forsamlingar. Kvart prefektur er vidare delt inn i mindre, lokale einingar som byar (shi) og landsbyar (son). Under er prefektura lista opp etter regionen dei høyrer til:
1. Hokkaido |
2. Aomori |
8. Ibaraki |
15. Niigata |
24. Mie |
31. Tottori |
|
40. Fukuoka |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «The Constitution of Japan». House of Councillors of the National Diet of Japan. 3. november 1946. Arkivert frå originalen 17. mars 2007. Henta 10. mars 2007.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Japan» frå Wikipedia på engelsk, den 3. april 2011.
- «Japan – forfatning og politisk system» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Offisielt
[endre | endre wikiteksten]- Japan-embassy.no – Den japanske ambassaden i Noreg
- Kantei.go.jp – Statsministeren og kabinettet si offisielle heimeside.
- Sangi-in.go.jp – Rådet (parlamentet sitt overhus, riksdagen)
- Shugi-in.go.jp – Representantane sitt hus
- Courts.go.jp Arkivert 2003-11-19 ved Wayback Machine. – Japansk høgsterett si offisielle heimeside.
- Kunaicho.go.jp – Keisarfamilien si offisielle heimeside.
Anna
[endre | endre wikiteksten]- Hanami Web - Inside Japan
- CIA World Factbook – Japan Arkivert 2004-09-06 ved Wayback Machine.
- Kyodo Japan, nyhendebyrå Arkivert 2008-04-23 ved Wayback Machine.
- The Foreigner – Japan – Eit nettmagasin om Japan
- AJR Newslink – Database over engelskspråklege aviser i Japan
- Ofte stilte spørsmål om Japan
- Business Week – Japan: The System That Soured
- Utanriksdepartementet – Detaljerte rapportar om japanarane sin utanrikspolitikk, utdanningssystem, kultur og levevis.
- Japan Zone – Japansk reiseguide, japansk populærkultur, historie og japansk etikette
- Pressefridomsindeks Arkivert 2003-12-05 ved Wayback Machine. – Nummer 26 av 139 rangerte land
- Open Directory-prosjekt – Oversikt over japan
- lookjapan.com Arkivert 2005-08-06 ved Wayback Machine. – nettmagasin om Japan
- japaneselifestyle.com.au – Internettressurs om japansk kultur og kimono
- Price Check Tokyo Arkivert 2005-06-02 ved Wayback Machine.
- Japan SAQ (Seldom Asked Questions)
- The Beautiful Way of the Samurai Arkivert 2006-08-03 ved Wayback Machine. Historie over homofili i Japan
- J-Pop.com Ein portal til japansk populærkultur
- [1] Arkivert 2005-04-08 ved Wayback Machine. Lenkjer til fakta om Japan (fleirspråkleg)
- GotJapan.com Ein guide om å reise, bu, arbeide og studere japansk