Faktaboks

Antonio Vivaldi
Fødd
4. mars 1678, Venezia, Italia
Død
28. juli 1741, Wien, Østerrike
Omslag, konsert, Juditha Triumphans.

I 1716 komponerte Vivaldi oratoriet Juditha Triumphans. Første gong det vart oppført, var alle songarane elevar på barneheimen der han jobba. Det var 11 jenter som song alle rollene og spelte alle instrumenta. Biletet viser ein plakat for oratoriet som vart sett opp i Siena i Italia i 1947.

Omslag, konsert, Juditha Triumphans.
Av /Getty Images.

Antonio Vivaldi var ein italiensk komponist og fiolinist.

I musikkhistoria høyrer Vivaldi til barokken. Han er rekna som ein av dei viktigaste komponistane frå perioden.

Før Vivaldi var det ikkje så vanleg med musikkstykke der eit instrument spelte åleine saman med eit orkester. Han skreiv fleire hundre slike konsertar, mellom anna fiolinkonsertane Dei fire årstidene. Dei er blant dei mest kjende verka i den klassiske musikkhistoria.

Bakgrunn

Vivaldi budde meste av livet i Venezia i Italia. Der var han fiolinlærar på ein barneheim for jenter. Han var òg dirigent for orkesteret deira.

På barneheimen lærte dei som budde der å spele musikk. Dei var kjende for å vere veldig flinke til å spele. Mykje av musikken Vivaldi komponerte, skreiv han for elevane på barneheimen.

Vivaldi vart berømt i heile Europa medan han levde. Han var aller mest kjend som ein flink fiolinist, men vart òg ein populær komponist.

På slutten av livet hans var ikkje musikken hans populær i Venezia lenger. I 1740 reiste han difor til Wien. Der vart han sjuk og døydde som ein fattig mann i 1741.

Musikk

Musikken til Vivaldi er kjend for å vere glad og leiken, men også dramatisk. Det var musikk som var lett å like for alle.

Vivaldi er kjend for å ha utvikla konsertforma med soloinstrument og orkester. Han skreiv over 400 konsertar i denne forma.

Vivaldi var ein dyktig fiolinist og skreiv flest konsertar for fiolin. Fiolinen i stykka hans etterliknar lydar frå naturen og gir musikken liv.

Vivaldi skreiv òg 40 operaer og mykje musikk som blir brukt i kyrkja, blant anna fleire oratorium. Eit oratorium er eit musikkstykke som ofte har handling frå Bibelen.

Viktige verk

Dei fire årstidene er av dei mest kjende konsertane hans. Det er fire fiolinkonsertar for fiolin og orkester: Våren, Sommaren, Hausten og Vinteren. Musikken skildrar naturen, og det blir nesten som ei forteljing. Tonane etterliknar fuglar som kvitrar, bekker som klukkar og hundar som bjeffar.

Betydning

Komponistar i heile Europa vart inspirert av musikken til Vivaldi. Særleg var Johan Sebastian Bach påverka av Vivaldi.

Etter at Vivaldi døydde, vart musikken hans gløymt. Det tok mange år før folk oppdaga musikken hans på nytt. Først på byrjinga av 1900-talet blei han populær og kjend igjen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet