Faktaboks

Halldis Moren Vesaas
Fødd
1907, Trysil
Død
1995, Oslo
Foto av Halldis Moren Vesaas i 1987.
Foto av Halldis Moren Vesaas i 1987.
Av /NTB.

Halldis Moren Vesaas var ein norsk forfattar, og skreiv både romanar og dikt. Ho gjorde ein stor innsats for nynorsk språk og kultur og skreiv sjølv på nynorsk.

Moren Vesaas gjendikta og omsette også utanlandske skodespel. Nokre kjende teaterstykke som ho omsette til nynorsk er:

  • Romeo og Julie (William Shakespeare)
  • Ein midtsommarnattsdraum (William Shakespeare)
  • Stormen (William Shakespeare)
  • Faust (Johann Wolfgang von Goethe)
  • Tolvskillingoperaen (Bertolt Brecht)

Bakgrunn

Foto av Halldis Moren Vesaas, 1939

Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas saman med dattera Guri Vesaas. Dei sit ved huset sitt i Vinje i Telemark.

Foto av Halldis Moren Vesaas, 1939
Av /NTB Scanpix .

Moren Vesaas voks opp i Trysil med fire søsken. Faren var bonde og forfattar. Begge foreldra var opptekne av norske tradisjonar og kultur.

Ho utdanna seg til lærar, men jobba berre nokre få år som det. Ho jobba på kontor i Oslo, og som sekretær i Sveits. I Sveits lærte ho seg fleire språk, særleg fransk.

I 1934 gifta ho seg med forfattaren Tarjei Vesaas. Dei flytta til Vinje i Telemark, og ho var lærar nokre år. Samstundes skreiv ho dikt og andre tekstar og hadde mange ulike jobbar innan kulturlivet. Blant anna jobba ho for forlag og heldt foredrag.

Forfattarskap

Halldis Moren Vesaas gav ut den første diktsamlinga si i 1929, Harpe og dolk. I åra fram til 1955 gav ho ut seks diktsamlingar til.

Etter dette gjekk det 40 år før ho gav ut ei ny diktsamling, i 1995. I mellomtida skreiv ho andre typar litteratur. Ho gav ut barnebøker og ungdomsbøker, skreiv prosa, gjendikta drama og redigerte bøker som andre skreiv. I tillegg skreiv ho artiklar og tekstar for lesebøker for barn, i samarbeid med Thorbjørn Egner.

Halldis Moren Vesaas skreiv lyrikk som høyrer til den romantiske tradisjonen. Ho skreiv om kjensler, og brukte språklege bilete frå naturen. Fleire av dikta hennar hyllar kjærleiken og livet. Men ho skreiv òg om kvardagslege ting som barnestell og husarbeid.

I Noreg var Moren Vesaas den første som tok opp tema som erotikk og pubertet i lyrikken. Allereie i 1929 skreiv ho eit dikt med menstruasjon som tema.

Dei fleste av dikta til Moren Vesaas blei gitt ut i Dikt i samling (1977).

Betyding

Halldis Moren Vesaas er ein av dei mest lesne, mest siterte og mest populære norske lyrikarane sidan Henrik Wergeland og Bjørnstjerne Bjørnson.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Janne Stigen Drangsholt
Professor, Universitetet i Stavanger