Faktaboks

Helga Flatland
Fødd
16. september 1984, Flatdal, Seljord i Telemark

Helga Flatland er ein norsk forfattar. Ho skriv mest for ungdom og vaksne, men har òg gjeve ut bøker for barn. Ein av dei mest kjende bøkene hennar er romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må.

Ho har fått fleire prisar for bøkene sine.

Bakgrunn

omslag, romanen

Romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010) var Helga Flatlands fyrste roman. Den fekk veldig gode kritikkar og vann mange prisar.

.
Lisens: CC BY 2.0

Helga Flatland voks opp i Flatdal i Seljord i Telemark. Ho studerte nordiske språk og litteratur, og gjekk på tekstforfattarlinja. Ho jobba nokre år som journalist før ho vart forfattar på heiltid i 2012.

Forfattarskap

Den fyrste boka Helga Flatland gav ut, var romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må (2010). Den handlar om Tarjei, Trygve og Kristian, som veks opp saman i ei lita, trygg bygd. Dei reiser til Afghanistan som soldatar, og døyr etter å ha køyrt på ei landmine. Tilbake sit vener, familie og dei andre i bygda. Alle har si eiga måte å takle sorga på. Dei prøver å forstå kva som har skjedd – og kvifor. Korleis kan ein leve vidare etter å ha mista ein son, ein bror eller ein besteven?

Boka er den fyrste i ein trilogi. Dei to neste bøkene er Alle vil hjem. Ingen vil tilbake (2011) og Det finnes ingen helhet (2013). Dei fortsetter direkte på den fyrste boka. Mange av dei same personane er med, og ein får vite korleis det går med dei. Kapitla har ulike hovudpersonar, og språket vekslar mellom nynorsk og bokmål.

Romanen Vingebelastning (2015) handlar om at det å jakte på lukke kan øydeleggje forholdet til dei ein er glad i. Romanen En moderne familie (2017) handlar om korleis ei skilsmisse kan forandre ein familie.

Flatland har òg gjeve ut romanane Et liv forbi (2020) og Etterklang (2022). Dei har fått veldig gode bokmeldingar i avisar.

I tillegg har Flatland gjeve ut to barnebøker. Dei handlar om den vesle jenta Eline.

Betydning

Helga Flatland fekk fleire prisar og utmerkingar for Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Ho fekk både Tarjei Vesaas’ debutantpris og Ungdommens kritikarpris. For En moderne familie fekk ho Bokhandlerprisen.

Det er mange som les bøkene til Helga Flatland. Ho blir rekna som ein av dei beste norske forfattarane som skriv bøker no.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Janne Stigen Drangsholt
Professor, Universitetet i Stavanger