Faktaboks

Jon Fosse
Fødd
29. september 1959, Haugesund
Jon Fosse i svart dress og hvit skjorte holder nobelprisen opp foran seg, mot fotografen. Nobelprisen er en rund gullmedalje i en eske, med bilde av Alfred Nobel.
Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i 2023.
Jon Fosse i 2023
Av /NTB.
Omslag, Septologien

Jon Fosse har skrive over 20 romanar og forteljingar. Ein av dei mest kjende er Septologien, som er ein serie på sju bøker.

Omslag, Septologien
Det norske Samlaget.

Jon Fosse er ein norsk forfattar. Han skriv drama, romanar, dikt og essaysnynorsk. I 2023 mottok Fosse Nobelprisen i litteratur.

Teaterstykka hans er omsette til meir enn 50 språk. Dei blir spelt over heile verda.

Bakgrunn

Jon Fosse voks opp i Strandebarm i Vestland.

Han har studert litteratur ved Universitetet i Bergen. I tillegg til å vere forfattar, har Fosse jobba som journalist, og som skrivelærar for andre forfattarar. Han bur delvis i Austerrike med kona si, og delvis i Noreg, både i Oslo og Bergen.

Forfattarskap

Jon Fosse gav ut den første boka si, Raudt, svart, i 1983. Det er ein roman som handlar om ein ung gut i ei bygd på Vestlandet. Seinare har han gitt ut svært mange bøker.

Fosse er kjend for å skrive på ein heilt spesiell måte. Han bruker få ord, korte setningar og mange gjentakingar. Han bruker òg mykje indre monolog. Då snakkar hovudpersonane med seg sjølv, og lesarane får vite kva dei tenkjer og kjenner. Fosse har sjølv sagt at han prøver å skrive så enkelt han berre kan.

Mange av bøkene handlar om tema som kjærleik, fødsel og død. Han skriv ofte om vanlege personar og liva deira.

Romanar

Fosse har gitt ut meir enn 20 romanar og forteljingar. Nokre av dei mest kjende er Det er Ales, Trilogien og Septologien.

Septologien er sju bøker som handlar om kunstmålaren Asle. Han bur åleine ved Hardangerfjorden. Han er ven med ein annan Asle, som også er kunstmålar. Dei to Aslane er på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Teaterstykke

En mann i forgrunnen som ser rett framfor seg. Han ser forskrekket ut. I bakgrunnen ser man en kvinne og en mann som holder rundt hverandre

Teaterstykka til Jon Fosse blir spelt over heile verda. Her speler Det Norske Teatret Sterk vind i 2021.

Av .

Det fyrste teaterstykket Fosse skreiv, var Nokon kjem til å kome i 1992. Etter det har han skrive over 40 teaterstykke. Stykka hans er sett opp over tusen gonger verda over.

Typisk for teaterstykka hans er at det ikkje skjer så mykje. Personane har ofte ikkje namn, handlinga går sakte, og personane seier lite. Fosse har blitt kalla «meisteren av pausane», fordi det som ikkje blir sagt, er like viktig som det som blir sagt.

Skodespela hans har ofte ein spesiell humor, som ein også kan sjå i mange av Fosse sine romanar.

Andre verk

Fosse har gitt ut ti diktsamlingar. Han har omsett over 20 verk til nynorsk, mellom anna tekstar av Franz Kafka og Henrik Ibsen. Han har òg skrive barnebøker og essays.

Betydning

Jon Fosse har fått mange prisar. Den viktigaste av dei er Nobelprisen i litteratur, som han fekk i 2023. Det er berre fire norske forfattarar som har fått denne prisen.

Fosse blir rekna som den største norske dramatikaren som lever i dag. Han har blitt kalla «den nye Henrik Ibsen».

Kjende verk

  • Naustet, 1989
  • To forteljingar, 1993
  • Melancholia I og II, 1995–1996
  • Nokon kjem til å kome, 1996
  • Det er Ales, 2004
  • Trilogien (Andvake, Olavs draumar, Kveldsvævd), 2007–2014
  • Septologien, 2019–2021
  • Kvitleik, 2023

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Janne Stigen Drangsholt
Professor, Universitetet i Stavanger