Vasco da Gama var ein portugisisk oppdagar. I 1497 var han den første som reiste frå Europa til India ved å segle rundt Afrika.
Kong Manuel 1. av Portugal ville finne ein sjøveg til India, for å kontroll med handelen av krydder. Krydder var ei dyr og populær vare i Europa på denne tida. Det ville gje kongen og Portugal rikdom og makt. Kongen ville òg nedkjempe islam og at alle skulle omvendast til katolisismen.
Vasco da Gama segla tre gonger over havet til India. Desse reisene bidrog til at Portugal blei ei stormakt på havet.