Arbeidsplass er ein stad der ein jobbar.
Det finst mange typar arbeidsplassar, som for eksempel
Dei som jobbar på ein arbeidsplass, blir kalla arbeidstakarar eller tilsette. Den som driv ein arbeidsplass, blir kalla arbeidsgivar. Alle arbeidsgivarar skal sikre at dei som jobbar der har det bra på jobben. Mange av reglane for korleis det skal vere på arbeidsplassen, står i arbeidsmiljølova.
Arbeidsplassar skal òg ha rutinar for å passe på tryggleiken og helsa til dei som jobbar der. Dette blir kalla HMS-reglar. HMS står for helse, miljø og sikkerheit.