Eit datateikna kontorrom som er delt inn i soner. Det er ei trapp, eit siteområde med sofaar, bord og grøne planter. I bakgrunnen er det ei anna sone med glasveggar. Det er sett inn datateikna menneske som syner kva dei kan gjere i romma.
Ulike arkitektar arbeider med forskjellige typar rom. Interiørarkitektar arbeider med innsida av hus. Dei er opptekne av møblar, fargar, materiale og korleis menneska kan bruke romma.
Interiør
Av .

Arkitekt er ein fagperson som planleggjer og formar fysiske rom. Dei kan designe utsida og innsida av bygg, landskap og heile byar. Målet er at bygningar og område skal fungere praktisk, og at menneske skal trivast og ha det godt der dei er.

Som fag ligg arkitektur nært opptil kunst og design. Før teikna arkitektar planane sine på papir. I dag teiknar dei mest i 3D-program på datamaskinar.

Ulike arkitektar

Dei fleste arkitektar arbeider med bygningar og hus. Ei bygning skal løyse konkrete behov, til dømes som skule eller ein plass å bu. I tillegg skal det passe inn med andre hus og naturen rundt.


Innsida av hus heiter interiør. Interiørarkitektar arbeider med korleis rom inni eit hus skal sjå ut og bli brukt. Dei formar innreiing og møblar.

Landskapsarkitektar formar natur og landskap. Dei kan mykje om plantar og klima, og kan for eksempel arbeide med hagar og parkar, men også veianlegg og byrom.


Mange arkitektar arbeider også med å planleggje byar og store areal.

Utdanning

For å bli arkitekt, studerer ein arkitektur. Utdanninga tar fem til seks år, og skjer på eit universitet eller høgskule. 


Tittelen «arkitekt» er ikkje beskytta i Noreg. Derfor kan også andre som driv med faget kalle seg arkitekt, sjølv om dei ikkje har utdanning i det. I IT er det til dømes vanleg å arbeide som «system-arkitekt».

Arbeid

Sverre Fehn

Sverre Fehn er ein av dei mest kjende arkitektane frå Noreg. Han har mellom anna teikna Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta. Det opna i 2000 og fekk utmerkinga Betongtavlen same år.

Av /KF-arkiv ※.

Ein tredel av arkitektane i Noreg arbeider i staten og kommunane. Nokre av dei forskar og underviser. Andre lagar planar for bruk av ulike område (reguleringsplanar) eller handsamar søknader om å få bygge.

Dei fleste arkitektar arbeider i private firma. Dei løyser oppgåver som å:

  • teikne eit nytt hus 
som skal byggas
  • endre innreiinga i ein restaurant
  • gjere eit fabrikk-område om til bustadar og park



Når ein vil løyse slike oppgåver, er det vanleg å ha ei konkurranse. Ulike arkitektar sender inn forslag, som blir kalla «skisser» eller «konsept». I store konkurransar får fleire av forslaga premie.

Arkitektane som vinn, arbeidar vidare fram mot ein ferdig plan. Då samarbeider dei med andre fagfolk, som ingeniørar og entreprenørar. Arkitekten har som jobb å ta vare på heilskapen: Dei må til dømes passe på kor dyrt prosjektet blir, at det er bærekraftig for miljøet og på kva reglar som gjeld for bygging på området. Arkitekten følgjer med under bygginga, slik at alt blir som planlagd.

Historie

Omgrepet «arkitekt» kjem frå gammalgresk. Der tyda det både «byggmeister» og «ein som legg store planar». Faget arkitektur utvikla seg særleg med renessansen. Frå då av var det ikkje same person som planla bygget, og som bygde det.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Rygh
Arkitekt