Ein biologisk forelder er ein person som eit barn har fått gen frå. Barnet får gen frå eggceller og sædceller. Dei personane som eggcella og sædcella kjem frå, er dei biologiske foreldra til barnet.
Mange barn bur saman med dei biologiske foreldra sine, men ikkje alle. Nokre barn bur saman med éin biologisk forelder og éin steforelder. Nokre barn bur med adoptivforeldre. Og nokre barn bur i fosterheim. Fosterforeldre, adoptivforeldre og steforeldre er ikkje biologiske foreldre.
Lova opnar for at eit barn kan få nye foreldre. Det heiter juridiske foreldre. Men dei biologiske foreldra er dei same.