Ulukkelig valp som bæsjar på golvet. Bæsjen er veldig laus, nestan som brun suppe.
Både dyr og menneske kan få diaré. Som regel går det over av seg sjølv.
Fotografi
Av /Shutterstock.

Diaré er at ein bæsjar uvanleg mykje. Bæsjen er då ofte svært laus, nesten som vatn.

Det varierar frå person til person, kor ofte dei bæsjar til vanleg. Somme bæsjar til vanleg så ofte som tre gonger kvar dag, andre bæsjar så sjeldan som éin gong kvar tredje dag. Om ein har diaré, bæsjar ein som regel fleire enn tre gonger kvar dag.

Årsak

Ein kan få diaré av fleire grunnar. Ein vanleg grunn er infeksjon i tarmen, for eksempel frå matforgifting. Det kan ein få, viss ein for eksempel drikk vatn som ikkje er heilt reint på reise i utlandet. Det er òg vanleg med diaré, om ein har omgangssjuke.

Behandling

Det finst medisinar som kan hjelpe mot diaré. Diaréen går som regel over i løpet av nokre dagar. Fordi det kjem ut væske saman med bæsjen, er det viktig å drikke nok.

Diaré er som oftast ikkje farleg. Om ein er så sjuk at ein ikkje får i seg mat eller drikke, bør ein ta kontakt med lege. Dette gjeld særleg for små barn. Som vaksen bør ein ta kontakt med lege, dersom ein ikkje er blitt frisk etter ei veke.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo