Kjøtmeis er ein av dei vanlegaste fuglane i Noreg. Kjøtmeisa er lett å kjenne att, med gult bryst og svart hovud med kvite kinn.
Kjøtmeis er den einaste meisearten som finst over heile Europa, Asia og Nordvest-Afrika.
Ei kjøtmeis med gult bryst med svart midtstripe. Hovudet er svart med kvite kinn.
Kjøtmeis er ein av dei vanlegaste fuglane i Noreg. Kjøtmeisa er lett å kjenne att, med gult bryst og svart hovud med kvite kinn.
Kjøtmeis er den einaste meisearten som finst over heile Europa, Asia og Nordvest-Afrika.
Kjøtmeisa har gult bryst med svart midtstripe. Hovudet er svart med kvite kinn. Ryggen er grøngul, med eit smalt kvitt band på vengen. Vengene er gråblå. Hoa og hannen er ganske like, men hoa har svakare fargar. Unge fuglar liknar dei vaksne.
Kjøtmeisa er omtrent 15 centimeter lang og veg 15–22 gram. Ho er størst og tyngst av meisefuglane.
Kjøtmeisa lever i skogen over nesten heile Noreg. Ho likar best lauvskog, men finst òg i skog som har både lauvtre og bartre.
Ho er lite redd for menneske, og er ein vanleg gjest på fuglebrettet. Kjøtmeiser er standfuglar. Det betyr at dei held seg i Noreg gjennom vinteren.
Kjøtmeisene er intelligente og sosiale fuglar, som lærer av kvarandre. Dei held ofte saman i flokkar om vinteren. Då er dei fleire om å finne mat og varsle om farar. Om vinteren lever kjøtmeisa av frø og bær. Om sommaren et ho mest insekt og edderkoppar.
Tidleg på våren forlet kjøtmeisa flokken, for å finne ein partnar og ein stad å leggje egg. For å vere sikker på å ha ein partnar til våren, kan hannfuglen byrje å syngje allereie i januar for å lokke til seg ei hoe.
Kjøtmeisa kan bli opptil 15 år gamal.
Kjøtmeisa legg gjerne egg i hole tre eller fuglekasser. Hoa byggjer reiret med mose og anna mjukt materiale, som fjør, ull eller hår. Ho legg 6–13 egg, som er kvite med raude prikkar. Kjøtmeisa kan leggje egg to gonger i løpet av våren og sommaren. Då heiter det at ho får to kull.
Hoa rugar på egga åleine, men ungane blir mata av begge foreldra. Den viktigaste maten for ungane er larvar av sommarfuglar. Ungane forlet reiret etter 16–21 døgn.
Ungane er utsette for mange farar. I reiret kan dei bli tekne av ekorn eller flaggspett. Etter at dei har forlate reiret, kan dei døy av mangel på mat, av kulde eller dei kan bli tekne av større fuglar, som ugler.