Kjertel er ei gruppe celler i kroppen, som lagar eller slepper ut stoff.
Nokre kjertlar lagar stoff som trengst der dei er, og slepper ut stoff gjennom kanalar. Eitt eksempel er dei kjertlane som lagar tårer. Andre kjertlar lagar stoff som blir brukt heilt andre stader i kroppen, som ulike slags hormon. Dei sender stoffet sitt ut i blodet. Det finst òg kjertlar som slepper ut stoff som kroppen vil kvitte seg med, for eksempel sveitte.
Alle dyr har kjertlar. Menneske har mange ulike kjertlar i kroppen.