Logoped er ein person som hjelper andre med å få betre tale og språk, og til å kommunisere betre.

logoped

Logopeden lærer eleven sin korleis ein snakkar eller lagar bestemte lydar. Så må eleven øve.
Oppgåver
Det finst mange ulike grunnar til å gå til logoped. Ein logoped kan til dømes hjelpe med
- stamming
- å seie visse bokstavar, for eksempel r
- svak stemme etter sjukdom
- problem med å ete eller svelgje
- problem med å snakke i samband med for eksempel hjerneslag eller Parkinsons sjukdom
Logopedar brukar øvingar og spel, for å trene opp den dei hjelper. Dei jobbar anten med folk åleine eller i grupper.
For å få time hjå ein logoped må ein først gå til ein lege eller PPT. Det er ikkje mogleg å bestille time eller møte opp direkte hjå ein logoped.
Arbeidsplassar
Logopedar arbeider ulike stader, som til dømes
- skular
- barnehagar
- sjukehus
- PPT
- stader der folk trenar seg opp etter sjukdom og skade
Utdanning
For å bli logoped må ein studere i fem år ved høgskule eller universitet.
Logoped er ikkje ein beskytta tittel. Dei treng ikkje å bli godkjende av staten slik som til dømes ein lege. Difor er ikkje logopedar helsepersonell.