Foto av mandolin.
Mandolin har fire doble strenger.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Mandolin er eit musikkinstrument som lagar lyd, ved at ein plukkar på strenger. Mandolinen har fire doble strengepar, som ein spelar på med plekter. Mandolin er ein del av gruppa instrument som blir kalla strengeinstrument.

Mandolin blir ofte brukt i

Mandolin liknar på fleire andre strengeinstrument, som lutt og ukulele. Skilnaden er at mandolinen har ei pæreaktig form, og at ho har to strenger for kvar tone.

Bruk

En voksen mann som ser smilende inn i kameraet. han har mandolinen over skulderen.

Visesongaren Øystein Sunde spelar mange ulike strengeinstrument, også mandolin.

Foto av Øystein Sunde
Av /NTB.

Mandolinen er laga av ei trekasse, som blir kalla kroppen. Til kroppen er det festa eit treskaft, som blir kalla halsen. På tvers av mandolinen er det spent strenger, som oftast åtte stykke laga av metall. Dei åtte strengene er stemde to og to, og ein trykkjer inn to strenger om gongen når ein spelar.

Halsen er delt opp i fleire delar som blir kalla band. Fingrane på venstre hand trykkjer strengene ned mot banda på halsen. Dette bestemmer tonane. På enden av halsen sit det stemmeskruar som endrar grunntonen til strengen.

Musikaren spelar på ein mandolin ved å plukke på strengene med eit plekter. Med den andre handa trykkjer ein inn strengen på ulike band, for å endre tone.

Ein musikar som spelar mandolin blir kalla ein mandolinist. Det er ikkje uvanleg at gitaristar lærer seg mandolin, i tillegg til gitar.

Historie

På 1700-talet vart mandolinen eit populært instrument i italiensk folkemusikk. På same tid vart han òg brukt i klassisk musikk. Det mest kjende stykket skrive for mandolin, er Vivaldis mandolinkonsert i C-dur.

Mandolin i musikken

Mandolin er mest brukt som soloinstrument. Det vil seie at det ofte spelar melodien i musikken, og er i framgrunnen.

Mandolin er mykje brukt i amerikansk bluegrass, og irsk folkemusikk. Det blir òg brukt ein del i visemusikk og populærmusikk.

I Noreg er særleg musikaren Øystein Sunde kjend for å bruke mandolin i musikken sin.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Sverre Knudsen
Professor, OsloMet – storbyuniversitetet