Statsforvaltninga er dei delane av staten i Noreg som har ansvar for at alt skjer som det skal. Å forvalte betyr å styre for nokon. Statsforvaltninga styrer Noreg sånn som Stortinget og regjeringa bestemmer. Dei fleste som jobbar i statsforvaltninga er tilsette, ikkje folkevalde.
Statsforvaltninga er bygd opp av
- departementa som bestemmer over direktorat og tilsyn
- direktorat, tilsyn og andre statsetatar
- statsforvaltaren, med kontor i kvart fylke
Eit departement har minst éin politisk vald leiar, som blir kalla minister. I tillegg kan departementet ha fleire hundre tilsette. For eksempel er det omtrent 290 tilsette i finansdepartementet. Dei held fram med å jobbe der, same kven som er finansminister.
Kommunane og fylkeskommunane er ein del av styresmaktene, men ikkje ein del av statsforvaltninga.