Vekt beskriv kor tungt noko er. Vekt blir ofte målt i kilogram (kg) eller gram (g).
Eitt kilogram er lik tusen gram. Til dagleg kallar ein ofte eit kilogram for ein kilo. Ei anna vanleg vekteining er tonn. Eitt tonn er tusen kilogram.
Svært lette ting blir ofte målt i milligram (mg). Eitt milligram er eitt tusendels gram.
Måleininga hektogram (hg) er også i bruk. Det er hundre gram. Til dagleg seier ein ofte hekto i staden for hektogram.