Dersom mora eller barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for mora eller barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.
§ 57 tredje punktum skal lyde:
Dersom barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.
I kapittel 10 skal ny § 85 a lyde:
§ 85 a.Innhenting av opplysingar frå Folkeregisteret
Folkeregistermyndigheita skal, utan hinder av teieplikt, gje dei opplysingane som er naudsynte for utføring av oppgåver etter lova her.
Lov om endringar i barnelova
Prop.86 LS (2017–2018), Innst.399 L (2017–2018), Lovvedtak 88 (2017–2018). Stortingets første og andre gongs behandling hv. 11. og 15. juni 2018. Fremja av Finansdepartementet.
Endringar i følgjande lov:
I
I lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre gjer ein følgjande endringar:
§ 15 andre ledd skal lyde:
Dersom mora eller barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for mora eller barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.
§ 57 tredje punktum skal lyde:
Dersom barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar for barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for Oslo tingrett.
I kapittel 10 skal ny § 85 a lyde:
§ 85 a.Innhenting av opplysingar frå Folkeregisteret
Folkeregistermyndigheita skal, utan hinder av teieplikt, gje dei opplysingane som er naudsynte for utføring av oppgåver etter lova her.
II
Endringane under I tek til å gjelde straks.