Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen (UiB) er det nest eldste universitet i Noreg, oppretta i Bergen i 1946.
Universitetet i Bergen | |||
| |||
Grunnlagt | 1946 (1825) | ||
---|---|---|---|
Type | Offentleg universitet | ||
Rektor | Sigmund Grønmo | ||
Stad | Bergen | ||
Studentar | 15 000 | ||
Tilsette | 3200 | ||
Medlemskap | Coimbra-gruppa, EUA | ||
Org.nummer | 874789542 | ||
Nettstad | https://uib.no (nynorsk) | ||
Erstattar | Kunst- og designhøgskolen i Bergen | ||
Universitetet i Bergen 60°23′17″N 5°19′22″E / 60.388086111111°N 5.3228722222222°E |
Med sine vel 13 500 studentar og ca. 3 200 tilsette er UiB eit mellomstort europeisk universitet. Det er eit byuniversitet der sentrale delar av campus ligg i nærleiken av dei sentrale delane av Bergen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskningsinstitusjon som dekkjer de fleste fagområda, organisert i seks fakultet og rundt 60 institutt og faglege senter.
Avdelingar ved Universitetet i Bergen er lokalisert fleire stadar i Bergen, med universitetsområde på Nygårdshøyden, Marineholmen og Årstad med Haukeland. Dei humanistiske, juridiske, psykologiske, samfunnsvitskaplege og matematisk-naturvitskaplege fakulteta ligg på Nygårdshøyden. Årstadvollen er helsecampus for Det medisinsk-odontologiske fakultet. Fakultetet ligg tett ved universitetssjukehusa Haukeland og Haraldsplass.
Historie
Universitetet vart oppretta ved stortingsvedtak av 9. april 1946. Lov om Universitetet i Bergen trådde i kraft 30. august 1946. I europeisk samanheng er Universitetet i Bergen eit ungt universitet. Men dei akademiske røtene går djupare. Det har i lang tid føregått vitskapelig verksemd og undervising ved Bergens Museum, etablert allereie i 1825.
Rektorar ved UiB
- 1946–1953 Professor Bjørn Trumpy (mat-nat)
- 1954–1959 Professor Erik Waaler
- 1960–1965 Professor Ludvig Holm-Olsen (HF)
- 1966–1971 Professor Håkon Mosby
- 1972–1977 Professor Arne Johan Henrichsen
- 1978–1983 Professor Ørjar Øyen (SV)
- 1984–1989 Professor Arnfinn Graue (mat-nat)
- 1990–1995 Professor Ole Didrik Lærum (medisin)
- 1996–1998 Professor Jan Fridthjof Bernt (jus)
- 1999–2005 Professor Kirsti Koch Christensen (HF)
- 2006– Professor Sigmund Grønmo (SV)
Fakultet
Ved opprettinga i 1946 vart Universitetet i Bergen organisert med tre fakultet: Det historisk-filosofiske, Det matematisk-naturvitskaplege og Det medisinske fakultet. I 1970 vart Det odontologiske og Det samfunnsvitskaplege fakultet etablert, og ti år seinare, i 1980, fulgte opprettinga av Det psykologiske og Det juridiske fakultet. Hausten 2007 endra Det historisk-filosofiske fakultet namn til Det humanistiske fakultet, og i 2008 vart fakulteta for medisin og odontologi slått saman til eitt fakultet.
Ved Universitetet i Bergen finst desse seks fakulteta:
- Det humanistiske fakultet
- Det juridiske fakultet
- Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
- Det medisinsk-odontologiske fakultet
- Det psykologiske fakultet
- Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Ved fakultetene føregår det både forsking og undervising på bachelor-, master- og doktorgradsnivå.
Universitetsbiblioteket
Universitetsbiblioteket i Bergen (UBB) vart offisielt oppretta i 1948, to år etter at universitetet offisielt vart grunnlagt. Men til liks med universitetet er biblioteket ei vidareføring av verksemda ved Bergens Museum, der det frå 1825 òg fanst eit bibliotek. Fyrst i 1961 fekk biblioteket sitt eige bygg, reist ved hjelp av ein donasjon frå J.L. Mowinckels rederi.
Universitetsbiblioteket i Bergen gjev informasjons- og dokumentasjonstenester for forskinga og undervisinga ved Universitetet i Bergen. Biblioteket er desentralisert med fakultetssamlingar og eigne bibliotek for humaniora, realfag, medisinske fag, odontologiske fag, samfunnsvitskap, juridiske fag og psykologi. Samlingane er på om lag 1,78 millioner bind bøker og tidsskrift. I tillegg kjem spesialsamlingar for manuskript, diplom, kart og bilete (fotografi). I denne samlinga finst vel 3600 manuskript og diplom, ca. 42 800 kartblad og atlas, samt 240 000 bilete. Universitetsbiblioteket si samling tilførast i stadig større grad elektroniske objekt, og av UBB sine 16 620 tidsskriftabonnement, er 13 070 av dei i elektronisk form.
Bergen Museum
Bergen Museum eksisterer framleis som ei eiga eining ved Universitetet i Bergen. Museet driv innsamling, dokumentasjon, bevaring, forsking og formidling, og er organisert i to avdelingar. Ved De kulturhistoriske samlinger dekkast antropologi, arkeologi og kunst- og kulturhistorie. Her finst òg ein eigen konserveringsseksjon. De naturhistoriske samlinger dekker botanikk, geologi og zoologi. Begge samlingane har museumsbygg på Nygårshøyden i Bergen sentrum, der det òg finst ein botanisk hage i tilknytting til Naturhistorisk museum. De naturhistoriske samlinger omfattar òg Arboretet og Botanisk hage på Milde.
Senter
I tillegg til fakulteta med ordinære institutt har Universitetet i Bergen ei rekke frittståande senter.
Eitt av disse er nordisk senter for framifrå forsking:
Fire senter har status som nasjonale sentre for framifrå forskning:
- Bjerknessenteret (klimaforskning)
- Senter for middelalderstudier (CMS)
- Senter for geobiologi
- Senter for integrert petroleumsforskning (CIPR)
Andre senter er HEMIL-senteret for forsking på helsefremjande arbeid, miljø og livsstil, Senter for vitskapsteori (SVT), Senter for Midtausten og islamske studie, Senter for internasjonal helse (CIH), Senter for kvinne- og kjønnsforskning og Sarssenteret. Selmersenteret, der det hovudsakleg forskast på kryptografi og kodeteori, er oppkalla etter Ernst S. Selmer og vart oppretta 11. februar 2003.
Oppdragsforskinga er organisert i Uni Research, som har ei rad underavdelingar, mellom dei Rokkansenteret og Unifob global.