500-talet
< 500-talet > markerer slutten på den klassiske oldtida i Europa og byrjinga på mellomalderen, og nedgangstider for det mektige indiske Guptariket. Det persiske Sasanide-dynastiet hadde derimot ei stordomstid, og Kina blei gjenforent til eit storrike under Sui-dynastiet.
Viktige hendingar
endre- Klimaendringa i 535-536 gav uvanlege vêrtilhøve og uår på den nordlege halvkula.
- Pestar herja Søraustasia og Romarriket, det sistnemnde etter eit utbrot av byllepest i Konstantinopel.
Afrika
endre- Store delar av Nubia blei omvendt til koptisk kristendom.
Asia
endre- Kongeriket Funan døydde ut
- Zen-buddhismen kom inn i Vietnam frå Kina.
- Buddhismen blei innført til Japan frå Baekje i Korea i 552 og bidrog til endringane i Asukatida.
- Buddhistiske jatakaforteljingar blei omsette til persisk etter ordre frå den parsiske kongen Khosrau I av Persia.
Europa
endre- Silkevegen strekte seg lenger inn i Europa.
- Akademiet i Aten blei nedlagd av Justinian av Romarriket. Dei siste lærarane der drog til Persarriket.
- Karantania, den første stabile og sjølvstendige slaviske staten, blei grunnlagd.
- Skottar utvandra frå Irland til Kaledonia (Skottland)
Viktige personar
endre- Aryabhata, indisk matematikar
- Pave Gregor den store (590–604)
- Gregorius av Tours (ca. 538-594?)
- Jordanes, romersk historikar
- Justinian av Romarriket (527-565)
- Khosrau I av Sasanidedynastiet
Kultur
endre- Dionysius Exiguus grunnla kalendersystemet Anno Domini, som er basert på Jesus sin fødsel og legg grunnlaget for den julianske og gregorianske kalenderen, i 525.
- Backgammon (nard) blei oppfunne i Persia av Burzoe.
- Sjakk i form av tsjatoranga kom til Persia frå India og gjekk gjennom ulike endringar.
- Bysantinarriket fekk silketeknologi frå Kina.
<< 500 | 501 | 502 | 503 | 504 | 505 | 506 | 507 | 508 | 509 | 510 | 511 | 512 | 513 | 514 | 515 | 516 | 517 | 518 | 519 | 520 | 521 | 522 | 523 | 524 | 525 | 526 | 527 | 528 | 529 | 530 | 531 | 532 | 533 | 534 | 535 | 536 | 537 | 538 | 539 | 540 | 541 | 542 | 543 | 544 | 545 | 546 | 547 | 548 | 549 | 550 | 551 | 552 | 553 | 554 | 555 | 556 | 557 | 558 | 559 | 560 | 561 | 562 | 563 | 564 | 565 | 566 | 567 | 568 | 569 | 570 | 571 | 572 | 573 | 574 | 575 | 576 | 577 | 578 | 579 | 580 | 581 | 582 | 583 | 584 | 585 | 586 | 587 | 588 | 589 | 590 | 591 | 592 | 593 | 594 | 595 | 596 | 597 | 598 | 599 >>