7. april
dato
7. april er den 97. dagen i den gregorianske kalenderen (98. under skotår). Det er på denne dagen 267 dagar att av året.
Merkedag
endreSN sin internasjonale dag for helse, til minne om opprettinga av WHO i 1948. |
Nasjonaldagar og nasjonale flaggdagar
endreReligiøs helgedag
endreBevegelege heilagdagar som fell på 7. april i 2024:
- Johannes Baptist de la Salle har helgendag i den katolske kyrkja
Namnedag
endreNoreg | Oddveig og Oddvin |
Sverige | Irma og Irmelin |
Danmark | Egesippus |
Hendingar
endreUtlandet
endre- 451: Attila plyndra Divodurum (no Metz).
- 1498: Vasco da Gama landa i den kenyanske byen Mombasa.
- 1521: Ferdinand Magellan kom til Cebu.
- 1655: Fabio Chigi blei pave Alexander VII.
- 1767: Den thailandske byen Ayutthaya blei plyndra og rasert av burmesarane.
- 1795: Frankrike tok i bruk meter som måleining for lengde.
- 1827: Den engelske kjemikaren John Walker fann opp fyrstikka.
- 1831: Keisar Pedro I av Brasil abdiserte til fordel for sonen Pedro II.
- 1906: Vulkanen Vesuv hadde eit utbrot som drap over 100 menneske og la byen Ottaiano i ruinar.
- Algeciras-konferansen gav Frankrike og Spania kontroll over Marokko.
Noreg
endre- 1895: Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen nådde 86° 14' N, det nordlegaste punktet nokon hadde vore til då.
- 1903: Fredrikstad FK blei stifta.
- 1907: Riksmålsforbundet blei stifta av Bjørnstjerne Bjørnson
- 1923: I ein brann i Hemnesberget vert kring 100 hus lagt i oske, og 400 menneske vert husville.
- 1934: Tafjord-ulukka: Eit ras i Tafjord på Sunnmøre tok livet av 40 menneske.
- 1986: 102 000 arbeidarar blei ramma av lockout, den største sidan 1931.
- 1990: Passasjerferja MS «Scandinavian Star» brann i Skagerrak. 158 menneske døydde.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde den 7. april.
- 1770: William Wordsworth, britisk forfattar
- 1857: Johannes Barstad, norsk prest og forfattar
- 1884: Bronislaw Malinowski, polsk antropolog
- 1920: Ravi Shankar, indisk sitarspelar
- 1941: Gorden Kaye, engelsk skodespelar
- 1954: Jackie Chan, kinesisk skodespelar
- 1966: Michela Figini, sveitsisk alpinist
- 1970: Leif Ove Andsnes, norsk pianist
- 1981: Suzann Pettersen, norsk golfspelar
Døde
endre- Sjå òg Døde den 7. april.
- 1498: Kong Karl VIII av Frankrike
- 1614: El Greco, gresk-spansk kunstnar
- 1739: Dick Turpin, britisk landevegsrøvar
- 1804: Toussaint Louverture, haitisk opprørar
- 1927: Georg Ossian Sars, norsk marinbiolog
- 1938: Suzanne Valadon, fransk målar
- 1947: Henry Ford, amerikansk bilutviklar og industrialist