Andreas Stjernen
Andreas Stjernen (fødd 30. juli 1988) er ein norsk skihoppar som er medlem av Sprova Idrettslag. Han har i åra 2009-13 vunne ein sølvmedalje og to bronsemedaljar i noregsmeisterskap. Hans beste plassering eit verdscuprenn er ein andreplass i skiflygingsbakken i Oberstdorf i 2013-sesongen.
Andreas Stjernen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. juli 1988 (36 år) Levanger kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 2018 |
Hroar Stjernen er far hans.
Aktiv
endreStjernen tok sølvmedaljen i NM normalbakke på Raufoss i 2009, 3,5 poeng bakom Roar Ljøkelsøy, men framom Anders Bardal. Stjernen debuterte i verdscupen med 19. plass på Lillehammer 5. desember 2009. Gjennom dei neste sesongane sleit han med å hevde seg i verdscuprenn, ein åttandeplass i Sapporo var hans beste plassering i verdscupen før 2013-sesongen.
Den 26. januar 2013 kom STjernen på fjerdeplass i skiflygingsrennet i Vikersund, etter eit hopp på 232,5 meter, ny personleg rekord. Han kopierte plasseringa i skiflygingsbakken i Harrachov, før han, den 16. februar 2013, vart nummer to i Oberstdorf, også det eit skiflygingsrenn. I ei rekordjamn tevling var han med 409,5 poeng 0,3 poeng bakom tyske Richard Freitag, og 0,5 poeng føre austerrikaren Gregor Schlierenzauer.
Stjernen deltok for Noreg i ski-VM 2013 både i normalbakken, storbakken og i lagtevlinga, der han høvesvis vart nummer 13, 18 og kom på fjerdeplass med det norske laget.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endreKjelder
endre- (en) Andreas Stjernen – Profil og resultatoversikt hos FIS