Daylight Again
Daylight Again Studioalbum av Crosby, Stills & Nash | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. juni 1982 | |
Innspelt | 1980-1981 | |
Studio | Rudy Records Devonshire Sound og Sea West | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 39:50 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | David Crosby, Stephen Stills, Graham Nash | |
Crosby, Stills & Nash-kronologi | ||
---|---|---|
Replay (1980) |
Daylight Again | Allies (1983)
|
Singlar frå Daylight Again | ||
|
Daylight Again er det sjuande albumet til Crosby, Stills & Nash, og det fjerde studioalbumet med originale songar. Det nådde åttandeplassen på Billboard 200-lista og vart det siste albumet deira til no som gjekk inn på topp 10. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet, som alle gjekk inn på Billboard Hot 100: «Wasted on the Way» nådde niandeplassen, «Southern Cross» nådde 18. plassen og «Too Much Love to Hide» nådde 69. plassen. Albumet selde til platinaplate i USA med eit sal på 1,85 millionar eksemplar.[3]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
The Music Box | [2] |
Bakgrunn
endreOpphavet til albumet kom frå innspelingar som Stephen Stills og Graham Nash gjorde i 1980 og 1981 og albumet var opphavleg meint å bli eit Stills-Nash-prosjekt. Dei henta inn Art Garfunkel, Timothy B. Schmit og andre for å syngje vokalen som kunne ha passa for David Crosby. Sjefane i Atlantic Records var derimot ikkje interesserte i noko anna enn eit CSN-produkt frå nokon i gruppa, og heldt attende pengar, slik at Nash og Stills måtte betale for innspelingane sjølve.[4] Etter kvart gav dei etter og valde å invitere Crosby med seg i tolvte time.
Crosby henta med seg to songar til albumet, «Delta», der Stills og Nash pressa inn vokal innimellom vokalharmoniane til Crosby, som alt var spelt inn, og «Might As Well Have a Good Time», som vart spelt inn som ein CSN-song frå starten av.[5] Dei fleste innspelingane består av andre røyster i tillegg til hovudtrioen, som var første gongen på eit CSNY-album. Nytt for CSNY var òg dei mange låtskrivarane som deltok på albumet. Graham Nash skreiv den største hitten på albumet, «Wasted on the Way», som handla om då gruppa krangla og gjekk i kvar sin retning, i staden for å konsentrere seg om musikken sin. Songen «Daylight Again» utvikla seg ut frå gitarklimpring Stills hadde laga for ei teatersoge om Sørstatane under den amerikanske borgarkrigen, og glei over i «Find the Cost of Freedom», som hadde vore B-sida til «Ohio»-singelen i 1970.[6]
Albumet var det første bandet gav ut i musikkvideoalderen og det vart filma ein musikkvideo til «Southern Cross» med bandet og ein av favorittmetaforane deira, eit seglfartøy. Videoen vart ein del vist på MTV i 1982 og 1983, og var med på å heve salstala til albumet.
Albumet kom ut på CD ved tre høve: første gongen i 1980-åra, ommastra frå dei orignale masterlydbanda av Ocean View Digital og gjeve ut 20. september 1994 og til slutt ommastra med HDCD-prosessen og gjeve ut av Rhino Records den 24. januar 2006, med fire bonusspor.
Innhald
endreSide ein
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Turn Your Back on Love» |
| 4:51 |
2. | «Wasted on the Way» | Graham Nash | 2:52 |
3. | «Southern Cross» |
| 4:41 |
4. | «Into the Darkness» | Graham Nash | 3:23 |
5. | «Delta» | David Crosby | 4:15 |
Side to
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Since I Met You» |
| 3:12 |
2. | «Too Much Love to Hide» |
| 3:58 |
3. | «Song for Susan» | Graham Nash | 3:08 |
4. | «You Are Alive» |
| 3:04 |
5. | «Might As Well Have a Good Time» | 4:28 | |
6. | «Daylight Again/Find the Cost Of Freedom» | Stephen Stills | 2:36 |
Bonusspor på 2006-utgåva
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Merknad | Lengd |
---|---|---|---|---|
12. | «Raise a Voice» |
| opphavleg gjeven ut på Allies | 2:34 |
13. | «Feel Your Love» |
| unytta opptak | 4:28 |
14. | «Tomorrow Is Another Day» | Stephen Stills | unytta opptak | 4:05 |
15. | «Might As Well Have a Good Time» |
| Crosby-demo | 4:15 |
Medverkande
endre- David Crosby — vokal; klaverinstrument på «Delta»
- Stephen Stills — vokal; gitar alle spor utanom «Delta», «Song for Susan», og «Might As Well Have A Good Time»; klaverinstrument på «Turn Your Back on Love», «Since I Met You», «Raise a Voice» og «Feel Your Love»; banjo på «Daylight Again»; perkusjon på «Too Much Love to Hide»
- Graham Nash — vokal; rytmegitar på «Turn Your Back on Love» og «Into the Darkness»; munnspel på «You Are Alive» og «Raise a Voice»; piano på «Song for Susan»; orgel på «Into the Darkness»; perkusjon på «Too Much Love to Hide»
Andre medverkande
endre- Timothy B. Schmit — vokal på «Turn Your Back on Love», «Wasted on the Way», «Southern Cross», «Song for Susan», «You Are Alive», og «Tomorrow Is Another Day»; bass på «Song for Susan»
- Art Garfunkel — vokal på «Southern Cross» og «Daylight Again»
- Michael Stergis — gitar alle spor utanom «Delta», «Might As Well Have A Good Time», «Daylight Again», og «Raise A Voice»
- Joel Bernstein — akustisk gitar på «Wasted on the Way» og «Song for Susan»
- Dean Parks — elektrisk gitar på «Delta»
- Gerry Tolman — gitar på «Too Much Love to Hide»
- Danny Kortchmar — elektrisk gitar på «Raise A Voice»
- Mike Finnigan — klaverinstrument på «Turn Your Back on Love», «Southern Cross», «Into the Darkness», «Since I Met You», «Too Much Love to Hide», «You Are Alive», «Might As Well Have A Good Time», «Feel Your Love», og «Tomorrow Is Another Day» korvokal — på «Turn Your Back on Love», «Southern Cross», «Since I Met You», «Too Much Love to Hide», og «You Are Alive»
- Craig Doerge — klaverinstrument på «Turn Your Back on Love», «Wasted on the Way», «Delta», «Song for Susan», «Might As Well Have A Good Time», «Raise A Voice», «Feel Your Love», «Tomorrow Is Another Day»
- Richard T. Bear — klaverinstrument på «Southern Cross»
- Jay Ferguson — orgel på «Song for Susan»
- James Newton Howard — klaverinstrument på «Raise A Voice»
- George «Chocolate» Perry — bass alle spor utanom «Wasted on the Way», «Delta», «Song for Susan», «Might As Well Have A Good Time», og «Daylight Again»
- Bob Glaub — bass på «Wasted on the Way»
- Leland Sklar — bass på «Delta»
- Joe Vitale — trommer på «Turn Your Back on Love», «Southern Cross», «Into the Darkness», «Too Much Love to Hide», «You Are Alive», «Feel Your Love», og «Tomorrow Is Another Day»
- Russ Kunkel — trommer på «Wasted on the Way», «Delta», og «Song for Susan»
- Jeff Porcaro — trommer på «Since I Met You» og «Raise A Voice»
- Joe Lala — perkusjon på «Wasted on the Way», «Southern Cross», «Into the Darkness», «Since I Met You», «Too Much Love to Hide», «You Are Alive», og «Feel You Love»; congatrommer på «Raise A Voice»
- Wayne Goodwin — fele på «Wasted on the Way»; cello arrangement på «Song for Susan»
- Roberleigh Barnhart, Miguel Martinez, Ernie Ehrhardt — celloar på «Song for Susan»
Produksjon
endre- Crosby, Stills & Nash — produsentar
- Stanley Johnston, Steve Gursky — medprodusentar
- Craig Doerge, Stanley Johnston — medprodusentar på «Delta» og «Might As Well Have A Good Time»
- Stephen Barncard, Steve Gursky, Stanley Johnston — lydteknikarar
- Gaylord Holomalia, Jerry Hudgins, Gerry Lentz, Jay Parti, Gordon Rowley, and Russell Schmitt — assisterande lydteknikarar
- Jimmy Wachtel — kunstnarisk leiar
- Mac James — design
- Gilbert Williams — måleri
- Henry Diltz, Mark Hanauer — fotografi
- Joe Gastwirt — digital ommastering
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Daylight Again» frå Wikipedia på engelsk, den 23. januar 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Planer, L. (2011). «Daylight Again - Crosby, Stills & Nash | AllMusic». allmusic.com. Henta 21. januar 2019.
- ↑ Metzger, John (2011). «Crosby, Stills & Nash - Daylight Again (Album Review)». musicbox-online.com. Henta 21. januar 2019.
- ↑ «RIAA - Soundscan». Greasylakes. Henta 23. januar 2019.
- ↑ Zimmer and Diltz, s. 226
- ↑ Zimmer and Diltz, s. 228
- ↑ Zimmer and Diltz, op.cit.