Dog Eat Dog av Joni Mitchell
Dog Eat Dog Studioalbum av Joni Mitchell | ||
Utgjeve | Oktober 1985 | |
Innspelt | 1984–85 | |
Sjanger | ||
Lengd | 43:30 | |
Selskap | Geffen | |
Produsent | Joni Mitchell, Larry Klein, Thomas Dolby, Mike Shipley | |
Joni Mitchell-kronologi | ||
---|---|---|
Wild Things Run Fast (1982) |
Dog Eat Dog | Chalk Mark in a Rain Storm (1988)
|
Singlar frå Dog Eat Dog | ||
|
Dog Eat Dog er det 12. studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut i 1985. Det var det andre albumet hennar for Geffen Records.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [3] |
The Village Voice | B+[4] |
Innspeling
endreSom føregangaren Wild Things Run Fast, går Dog Eat Dog bort frå den tidlegare visesong- og jazz-stilen hennar til fordel for ein 80-tals popstil. Albumet var uvanleg for Mitchell på grunn av det syntetiske lydbiletet, med produksjonsarbeid av den britiske synthesizermusikaren Thomas Dolby. Ektemannen hennar og bassisten Larry Klein, som ikkje berre var medprodusent og spelte klaverinstrument, hadde òg ei større rolle i å forme den teknologiske popstilen på albumet, og var medlåtskrivar på to av songane. All gitar vart spelt av studiomusikaren Michael Landau, ved hjelp at elektriske og teksturmessige lydbilete som skilde seg kraftig frå gitarstilen til Mitchell. I løpet av dei neste par albuma gjekk Mitchell gradvis attende til den meir organsie stilen hennar frå midten av 1970-åra.
Tekstmessig omhandla albumet viktige saker frå samfunnslivet på midten av 1980-åra, som televangelistar, konsumerisme og svolt i Etiopia. Ein av dei meir uvanleg songane til Mitchell, «Smokin' (Empty, Try Another)», vart spelt inn med å sample lyden av sigarettautomatar i gangen i studioet der Wild Things Run Fast vart spelt inn. «Good Friends» vart spelt inn som ein duett med Michael McDonald og det vart laga ein video til songen med animasjon av Jim Blashfield.
Utgjeving
endre«Shiny Toys» og «Good Friends» kom begge ut på singlar. Det vart laga ein video for «Good Friends» med animasjonar av Jim Blashfield. «Shiny Toys» kom òg ut i ein 12" extended dance-singel, miksa av François Kevorkian, og hadde meir tekst enn albumversjonen, med ein ekstra talt røyst av Thomas Dolby («I LOVE being out on the golf course!»).
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Joni Mitchell, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Good Friends» | 4:25 | |
2. | «Fiction» | Joni Mitchell, Larry Klein | 4:14 |
3. | «The Three Great Stimulants» | 6:11 | |
4. | «Tax Free» | Joni Mitchell, Larry Klein | 4:19 |
5. | «Smokin' (Empty, Try Another)» | 1:43 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Dog Eat Dog» | 4:41 |
2. | «Shiny Toys» | 3:27 |
3. | «Ethiopia» | 5:53 |
4. | «The Impossible Dreamer» | 4:30 |
5. | «Lucky Girl» | 4:02 |
Medverkande
endre- Joni Mitchell – vokal, piano, klaverinstrument, synthesizer, lydeffektar, måleri på framsida
- Larry Klein – klaverinstrument, synthesizer, bass, programmering; talt vokal på «Fiction»
- Thomas Dolby – klaverinstrument, synthesizer, programmering; talt vokal på «Fiction» og «Shiny Toys»
- Joe Smith – talt vokal på «Fiction»
- Rod Steiger – talt vokal (evangelisttale) på «Tax Free»
- Bob «Zyg» Winard – talt vokal på «Shiny Toys»
- Michael Landau – gitar
- Steve Lukather – gitar på «Smokin' (Empty, Try Another)»
- Larry Williams – fløyte, tenorsaksofon på «Shiny Toys»
- Kazu Matsui – shakahachi [sic] på «Ethiopia»
- Wayne Shorter – sopransaksofon på «Impossible Dreamer», tenorsaksofon på «Lucky Girl»
- Jerry Hey – trompet, flygelhorn, horn arrangement på «Shiny Toys»
- Gary Grant – trompet, flygelhorn på «Shiny Toys»
- Vinnie Colaiuta – trommer, samplingar
- Alex Acuña – batatromme på «Impossible Dreamer»
- Michael Fisher – perkusjonssamplingar
- Michael McDonald – vokal på «Good Friends», korvokal på «Tax Free»
- Don Henley – korvokal på «Tax Free», «Dog Eat Dog» og «Shiny Toys»
- James Taylor – korvokal på «Tax Free», «Dog Eat Dog» og «Shiny Toys»
- Amy Holland – korvokal på «Tax Free»
- Teknisk
- Mike Shipley – lydteknikar, miksing
- Bob «Zyg» Winard, Dan Marien – assisterande lydteknikarar
- Glen Christensen – kunstnarisk leiar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dog Eat Dog (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2011.
- ↑ Ruhlmann, William (2011). «Dog Eat Dog – Joni Mitchell». AllMusic. Arkivert frå originalen 7. mars 2017. Henta 10. juli 2021.
- ↑ Rob Tannenbaum (16. januar 1986). «Dog Eat Dog». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 27. mars 2005.
- ↑ Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (4th utg.). Oxford University Press. ISBN 978-0195313734.
- ↑ Christgau, Robert (3. desember 1985). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 9. april 2020.