Dwain Chambers
Dwain Anthony Chambers (fødd 5. april 1978) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå London. På 100 meter tok han sølv i europameisterskapen 1998 og bronse i verdsmeisterskapen 1999. I stafettløp over 4 x 100 meter var han med om å vinne sølv i VM 1999 og gull i EM 2006. Under hall-VM 2010 vann 60-meteren.
Dwain Chambers | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 5. april 1978 (46 år) London |
Idrett | friidrett, sprintløp |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2002 |
Aktiv
endreChambers vart andremann på 100 m ved EM 1998 i Budapest, slått av landsmannen Darren Campbell. Året etter sette han personleg rekord med 9,97 sekundar og kneip bronsemedaljen på 100 meter då VM 1999 fann stad i Sevilla. Deretter sprang han som ankermann Storbritannia inn til europarekord og sølvmedalje i 4 x 100 meter stafett, laget elles bestod av Jason Gardener, Darren Campbell og Marlon Devonish. Under Sommar-OL 2000 i Sydney enda Chambers på fjerdeplassen på 100 m, same plassering fekk han på distansen også ved VM 2001 i Edmonton.
Doping
endreI europameisterskapen 2002 i München var Chambers fyrstemann på 100-meteren framom Francis Obikwelu, før han så var med om å vinne 4 x 100 m stafett. I oktober 2003 kom for ein dag at Chambers 1. august hadde testa positivt på steroidet tetrahydrogestrinon. Det britiske friidrettsforbundet stengde han ute frå idretten i to år, og alle resultata hans etter 1. januar 2002 vart annullert.
Tilbake
endreÅr 2006 kom Chambers tilbake på friidrettsbana. Under europameisterskapen i Göteborg kvalifiserte han seg til finalen på 100-meteren og han tok gull med det britiske mannskapet i 4 x 100 meter stafett. Sidan deltok han i 100-meterfinalen både ved VM 2009 og EM 2010.
Chambers sigra på 60 meter både ved hall-EM 2009 i Torino og hall-VM 2010 i Doha. I Torino sette han europarekord med 6,42 sekund i semifinalen. I 2014 var han to hundredels sekund for seint i mål til å ta bronsemedaljen på 100 m ved europameisterskapen i Zürich.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje på 100 m – 10,10, bakom Darren Campbell (10,04)
- VM 1999 i Sevilla: Bronse på 100 m – 9,97. Sølv i 4 x 100 m stafett (37,73)
- OL 2000 i Sydney: Nr 4 på 100 m – 10,08. Diskvalifisert i 4 x 100 m stafett
- VM 2001 i Edmonton: Nr 4 på 100 m – 9,99, Utslått i kvartfinalane på 200 m (20,60=nr 19)
- EM 2002 i München: Annullerte fyrsteplassar på 100 m og 4 x 100 m stafett
- VM 2003 i Paris: Annullert fjerdeplass på 100 m og annullert bronse i 4 x 100 m stafett
- EM 2006 i Göteborg: Gull i 4 x 100 m stafett (38,91). Nr 7 på 100 m – 10,24
- VM 2009 i Berlin: Nr 6 på 100 m – 10,00
- EM 2010 i Barcelona: Nr 5 på 100 m – 10,18
- VM 2011 i Daegu: Diskvalifisert i semifinalane på 100 m
- EM 2012 i Helsinki: Diskvalifisert i 4 x 100 m stafett
- OL 2012 i London: Utslått i semifinalane på 100 m (10,05=nr 10)
- VM 2013 i Moskva: Nr 14 på 100 m – 10,15
- EM 2014 i Zürich: Nr 4 – 10,24
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dwain Chambers» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2019.