Edgar Falch
norsk fotballspelar
Edgar Falch (2. november 1930–18. november 2013)[1] var ein fotballspelar frå Stavanger. Mellom 1954 og 1959 spela han 28 landskampar for Noreg. Falch spela for Viking Fotballklubb, der han var med å verte cupmeister både i 1953 og 1959, og seriemeister i 1958. Mellom 1950 og 1961 spela han totalt 256 kampar for Viking, av desse 139 seriekampar, og skåra 15 mål (9 seriemål). Falch spela senterhalf (tilsvarar midtstoppar) på klubblaget, og venstreback på landslaget.
Edgar Falch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. november 1930 Stavanger kommune |
Død | 18. november 2013 (83 år) Stavanger kommune |
Idrett | fotball |
Falch var saman med Kåre Bjørnsen og Rolf Bjørnsen dei einaste som var med på Vikings tre fyrste, store triumfar i fotball; NM-gull 1953, seriegull 1958, nytt NM-gull 1959.
Referansar
endre- ↑ Edgar Falch er død, Stavanger Aftenblad (21. november 2013), side 11
Kjelder
endre- Magnus Breili: Fotballboken, 1967
- Denne artikkelen bygger på «Edgar Falch» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2012.