Elisabeth Farnese

Elisabeth Farnese (25. oktober 169211. juli 1766), dotter av Odoardo Farnese og Dorothea Sofie av Neuburg, var dronninggemalinne av Spania og hadde stor innverknad på den spanske utanrikspolitikken.

Elisabeth Farnese

Gemalinne
Gemalinne av Spania
Regjeringstid24. desember 1714–14. januar 1724
6. september 1724–9. juli 1746
Fødd25. oktober 1692
FødestadPalazzo della Pilotta i Parma i Italia
Død11. juli 1766 (73 år)
Dødsstadkongepalasset i Aranjuez i Aranjuez i Spania
Gravstadkongepalasset i La Granja de San Ildefonso
Gift medFilip V av Spania
DynastiHuset Bourbon
Huset Farnese
FarOdoardo Farnese
MorDorothea Sofia av Neuburg
BornKarl III, konge av Spania
Mariana Victoria, dronning av Portugal
hertug Filip av Parma
Maria Teresa Rafaela, dauphine av Frankrike
grev Luis av Chinchón
Maria Antonia, dronning av Sardinia

Elisabeth var fødd i Parma, hovudstaden i hertugdøemt familien hennar hadde regjert over i over to hundreår. Elisabeth vart seinare arvingen etter områda til faren då onkelen hennar Francesco Farnese av Parma og den yngre broren hans begge var barnlause.

Hertugdømet Parma vart sidan arva av den første sonen hennar, infante Carlos, og då han tok over den spanske trona gjekk tittelen til den tredje sonen hennar, infante Felipe. Det var han som danna det moderne Huset Bourbon-Parma.

Ho gifta seg så med kong Filip V av Spania og ho fekk raskt stor innverknad på han, som av dei fleste vart rekna som ein svak konge. Kongen abdiserte i 1724 og gav trona til den førstefødde arvingen (frå det første ekteskapet hans), men då den unge kongen døydde, vart Filip kalla attende til trona. I dei seinare åra hans, då han var nesten senil, var det Elisabeth som styrte det meste av Spania og sikra tronenen i Italia for sønene sine.

Kjelder

endre