Enebakk kyrkje
kyrkje i Enebakk i Akershus
Enebakk kyrkje er ei langkyrkje i Enebakk kommune i Akershus fylke.
Enebakk kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Torstein Furnes
| |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Borg | ||
Prosti | Nordre Follo | ||
Sokn | Enebakk | ||
Fellesråd | Enebakk | ||
Type | Langkyrkje | ||
Periode | Romansk | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Stein | ||
Innvigd | 12. mars, kanskje i 1104 | ||
• Vigd til | Botolv | ||
• Endringar | M.a. 1200-talet, 1520, 1608, 1622, 1660-åra, 1694, 1760, 1964–66, 2009–10 | ||
Takryttar | I vest, truleg ca. 1520 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | 1660-åra, skore av Rasmus Gan og Haldvor Tobbel, medan Christopher Ridder skal ha gjort bilethoggararbeidet. | ||
Døypefont | Kleberstein, 1100-talet. Himling 1713, truleg av Nicolai Borg. | ||
Altartavle | Katekismetavle 1608, utvida 1667, truleg av Christopher Ridder, måla av Jørgen Schult; seinare staffert 1713 og 1760; fekk nye farger 1907, restaurert 1966 | ||
Sitjeplassar | 320[1] | ||
Diverse | Krusifiks over koropning ca. 1200. Enebakkmadonnaen (ca. 1250) er i Kulturhistorisk museum, med kopi i kyrkja. Kalkmåleri på veggene inne i kyrkja. Kyrkjebenkane frå 1634 går for å vere dei eldste i landet i vanleg bruk. | ||
Enebakk kyrkje 59°45′43″N 11°08′48″E / 59.76184167°N 11.14664722°E | |||
Wikimedia Commons: Enebakk kirke |
Denne steinkyrkja er frå mellomalderen, kanskje frå 1104 (900-årsjubileum vart feira i 2004). Ho vart vigsla den 12. mars og var i si tid vigd til den heilage Botolv. Kyrkja fekk vesttårn ca. 1300. Under ei omfattande vøling tidleg på 1500-talet vart delar av tårnet rive og tårnfoten lagt under tak. Oppå dette vart det oppført ein takryttar. Han vart fornya i 1622 og restaurert i 2009–10.[2]
Trass i dette og nokre andre endringar er kyrkja framleis mykje prega av seinmellomalderen. Ho har òg ein god del gamalt inventar, om enn frå etter reformasjonen. Mellom anna er kyrkja kjent for å ha dei eldste kyrkjebenkene i Noreg som framleis er i vanleg bruk (frå 1634).
Bakgrunnsstoff
endre- Ekroll, Øystein, Havran, Jiri (2000). Kirker i Norge, bind 1: Middelalder i stein. Oslo: ARFO. s. 80-83. ISBN 82-91399-09-3.
- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 667. ISBN 82-75-27022-7.
- Øverland, Olava (1995). Våre altertavler. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 164-165. ISBN 82-521-4500-0.
- Sigrid og Håkon Christie: Enebakk kirke i «Norges kirker»
- Kyrkjesøk om kyrkja
- Kunsthistorie.com om kyrkja
- Enebakk kyrkjelege fellesråd om kyrkja
- Enebakk kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fotnotar
endre- ↑ Kyrkjesøk. Kyrkjeleksikonet opererer med 280.
- ↑ Enebakk kommune, arkivert frå originalen 22. februar 2014, henta 5. august 2013