FC Bayern München

FC Bayern München er ein tysk fotballklubb frå München, som er hovudstaden i den sørtyske delstaten Bayern. Laget spelar heimekampane sine på Allianz Arena. FC Bayern München hadde pr. 14. november 2005, 104 720 medlemmer, og er med dette verdas nest største idrettsforeining i verda etter FC Barcelona. Fotball er den største idretten innan klubben, men klubben har i tillegg aktivitet innan basketball, handball, bowling, sjakk, bordtennis og turn.

FC Bayern München

Fullt namnFußballclub Bayern München e.V.
KallenamnDie Bayern
Kort namnBayern
Grunnlagd27. februar 1900
HeimebaneAllianz Arena
(kapasitet: 75 000)
EigarUli Hoeneß
StyreleiarKarl-Heinz Rummenigge
HovudtrenarJulian Nagelsmann
LigaBundesliga
2021/221. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Tredjedrakt
Noverande sesong

Merittar

endre

Bayern München sitt A-lag har spela i 1. Bundesliga frå 1965. Klubben er den mestvinnande innan tysk fotball gjennom tidene.

  • I 2020 vart laget det første til å vinne alle oppgjera sine i Meisterligaen.[1]
  • Europacupen/Cupvinnercupen (3) / Champions League (3)
    • Vinnande finalist: 1974, 1975, 1976, 2001, 2013, 2020
    • Tapande finalist: 1982, 1987, 1999
  • UEFA Cup vinnar (1): 1996
  • Europacup vinnar (1): 1967
  • VM for klubblag vinnar (2): 1976, 2001
  • The Double vinnar (5): 1969, 1986, 2000, 2003, 2005
  • Tysk seriemeister (32): 1932, 1969, 1972, 1973, 1974, 1980, 1981, 1985, 1986, 1987, 1989, 1990, 1994, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003, 2005, 2006, 2008, 2010, 2013, 2014, 2016, 2017, 2018, 2019, 2020, 2021, 2022
  • Tysk Vizemeister (9):1966,1970, 1971, 1988, 1991, 1993, 1996, 1998, 2004
  • DFB-Pokal vinnar (20): 1957, 1966, 1967, 1969, 1971, 1982, 1984, 1986, 1998, 2000, 2003, 2005, 2008, 2010, 2013, 2014, 2016, 2019, 2020
  • DFB-Pokal finalist (2): 1985, 1999
  • Tysk Supercup vinnar (9): 1983 (uoffesiell), 1987, 1990, 2010, 2012, 2016, 2017, 2018, 2020, 2021
  • Tysk ligacup vinnar (6): 1997, 1998, 1999, 2000, 2004, 2007
  • Sørtysk meister (2): 1926, 1928
  • Bayersk meister (4): 1910, 1911, 1926, 1928,
  • Sørbayersk meister (12): 1910, 1916, 1917, 1918, 1920, 1923, 1929, 1930, 1931, 1932, 1933, 1944
  • Nordbayersk meister (6): 1904, 1905, 1908, 1917, 1918, 1945

Spelarstall

endre

17. august 2021[2]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Manuel Neuer  
2   F Dayot Upamecano
3   F Omar Richards
4   F Niklas Süle
5   F Benjamin Pavard
6   F Joshua Kimmich
7   A Serge Gnabry
8   MB Leon Goretzka
9   A Robert Lewandowski
10   A Leroy Sané
11   A Kingsley Coman
13   A Eric Maxim Choupo-Moting
15   F Chris Richards
Nr. Posisjon Spelar
17   MB Mickaël Cuisance
19   MB Alphonso Davies
20   F Bouna Sarr
21   F Lucas Hernández
22   M Marc Roca
23   F Tanguy Kouassi
24   MB Corentin Tolisso
25   A Thomas Müller
26   K Sven Ulreich
36   K Christian Früchtl
39   K Ron-Thorben Hoffmann
42   A Jamal Musiala

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre