Falklandskrigen
Falklandskrigen gjekk føre seg på Falklandsøyane i 1982, og varte i 72 dagar.
Falklandskrigen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Falklandsøyane med landgangsstadene for den britiske gjenerobringa | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Storbritannia Falklandsøyane |
Argentina | ||||||
Kommandantar | |||||||
Margaret Thatcher John Nott Henry Leach Rex Hunt |
Leopoldo Galtieri Juan Lombardo | ||||||
Tap | |||||||
258 drepen, 777 skadd, |
649 drepen, 1 068 skadde, |
Ein argentinsk styrke på 8 000 mann med general Leopoldo Galtieri som øvstkommanderende invaderte Falklandsøyane 2. april utan forvarsel, og hadde ei lett oppgåva mot 1 800 sivilistar, 68 mann frå Royal Marines og 11 sjømenn. Bakgrunnen for åtaket var offisielt at den argentinske militærjuntaen, med general Galtieri i spissen, meinte at Spania hadde overlate Falklandsøyane til Argentina, og at øyane var ein del av riket som lausreiv seg i 1816.
Den 3. april vedtok SN eit krav om at alle argentinske troppar skulle trekkja seg ut og stoppa krigshandlingane. Argentina nekta, og Storbritannia valde så å gå til krig. To hangarskip, over hundre mindre skip og 27 000 mann sette kurs mot Falklandsøyane 5. april. Den første delen av krigen vart kjempa på og over sjøen. Då britane kom til land, rykte dei raskt framover mot Stanley. Etter at dei hadde omringa Stanley, overgav argentinarane seg til slutt 14. juni.
255 britar og 649 argentinarar fall under Falklandskrigen.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |