Gap
Gap er ein by og kommune søraust i Frankrike, og préfecture (administrativt senter) i departementet Hautes-Alpes. Byen har nesten 40 000 innbyggjarar.
Gap | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Frankrike | ||
Region | Provence-Alpes-Côte d'Azur | ||
Departement | Hautes-Alpes | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
110,43 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (1999) - folketettleik |
36 262 328,4 /km² | ||
Koordinatar | 44°33′34″N 06°04′43″E / 44.55944°N 6.07861°E | ||
Høgd over havet | 745 moh | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 05000 | ||
Nettstad: [http://www.ville-gap.fr www.ville-gap.fr] |
Geografi
endreGap ligg om lag 750 meter over havet ved den høgre breidda til elva Luye (like før ho munnar ut i Durance). Området rundt Gap vert kalla Gapençais.
Historie
endreByen vart grunnlagd av gallarane og den romerske keisaren Augustus erobra byen i 14 fvt. og vart gjeve namnet Vapincum. Gap vart annektert av den franske krona i 1512.
Napoelon drog bort frå Elba i februar 1815 og nådde Gap 15. mars med 40 ryttarar og 10 grenadarar. Her fekk han laga tusenvis av kopiar av kunngjeringane sine. Heile byen var til stades då Napoleon drog bort frå Gap.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gap