Giuseppe Gibilisco
Giuseppe Gibilisco (fødd 5. januar 1979) er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Siracusa som vart verdsmeister i stavhopp i 2003 og OL-bronsen i øvinga i 2004.
Giuseppe Gibilisco | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 5. januar 1979 (45 år) Siracusa |
Idrett | friidrett, bobsleigh |
Tok del i | athletics at the 2000 Summer Olympics – men's pole vault, Friidrett under Sommer-OL 2004 – Stavsprang menn, Friidrett under Sommer-OL 2008 – Stavsprang herrer, 1998 World Junior Championships in Athletics – men's pole vault, 1999 European Athletics U23 Championships – men's pole vault, 2001 European Athletics U23 Championships – men's pole vault, Middelhavslekene 2001, 2001 World Championships in Athletics – men's pole vault, 2000 European Cup, 2002 European Cup, 2002 World Military Track and Field Championships, 2002 European Athletics Championships – men's pole vault, 2003 IAAF World Indoor Championships – men's pole vault, 2003 European Cup, 2003 World Championships in Athletics – men's pole vault, 2003 IAAF World Athletics Final, 2004 IAAF World Athletics Final, 2005 European Cup, 2005 World Championships in Athletics – men's pole vault, 2005 IAAF World Athletics Final, 2006 IAAF World Indoor Championships – men's pole vault, 2006 European Cup, 2006 European Athletics Championships – men's pole vault, VM i friidrett 2009 – Stavsprang herrer, 2010 IAAF World Indoor Championships – men's pole vault, Lag-EM i friidrett 2010, 2010 Athletissima, Stavsprang under EM i friidrett 2010 – menn, 2013 European Team Championships Super League, Q15057651 |
Utmerkingar | ridder av Republikken Italias fortjenstorden |
Aktiv
endreTiårsperioden 2000-10 kvalifiserte Gibilisco seg oftast til finalen i dei store internasjonale meisterskapane. Etter tiandeplass både i OL 2000 i Sydney og EM 2002 i München melde han seg på i medaljestriden under verdsmeisterskapen i Paris i 2003. I finalen reiv Gibilisco to gongar på 5,75 m. Etter som fire mann hadde klart høgda, prøvde han seg på 5,80 m og lukkast. Sidan gjekk han og tre andre utøvarar over 5,85 m, men som den einaste i fyrste forsøk. Også på 5,90 m svinga han seg over i fyrste forsøk, ny personleg rekord. Då Okkert Brits og Dmitri Markov mislukkast i sine hopp på 5,95 m kunne Gibilisco stige til topps på sigerspallen.
Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 tok Gibilisco leiinga i stavhopptevlinga då han tok seg over 5,85 m i fyrste forsøk. Tevlinga snudde då USA-amerikanarane Timothy Mack og Toby Stevenson begge klarte 5,90 i sine fyrste forsøk. Gibilisco prøvde seg så på 5,95 m, utan å lukkast, noko Mack lukkast med i sitt siste forsøk.
Sidan enda Gibilisco på femteplass i VM 2005 og vart sjuandemann både under EM 2006 og VM 2009. Då EM 2010 fann stad Barcelona tok han seg i sitt andre forsøk over 5,75 m, same høgda som Przemysław Czerwiński frå Polen stoppa på. Ettersom Czerwiński tok høgda i fyrste forsøk måtte Gibilisco ta til takke med fjerdeplassen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 2000 i Sydney: Nr 10 – 5,50 m
- VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa
- EM 2002 i München: Nr 10 – 5,60 m
- VM 2003 i Paris: Gullmedalje – 5,90 m, framom Okkert Brits 5,85 m
- OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 5,85 m
- VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 5,50 m
- EM 2006 i Göteborg: Nr 7 – 5,50 m
- OL 2008 i Beijing: Nr 12 (5,65 m i kvalifiseringa)
- VM 2009 i Berlin: Nr 7 – 5,65 m
- EM 2010 i Barcelona: Nr 4 – 5,75 m
- VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa
- EM 2014 i Zürich: Utslått i kvalifiseringa
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Giuseppe Gibilisco» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2018.