Hansle Parchment
Hansle Parchment (fødd 17. juni 1990) er ein jamaicansk friidrettsutøvar som tevlar i 110 meter hekk. Han vart i 2021 olympisk meister i øvinga. Parchmement har elles vunne VM-sølv i 2015 og 2023, samt OL-bronse i 2012.
Hansle Parchment | |
Statsborgarskap | Jamaica |
Fødd | 17. juni 1990 (34 år) Saint Thomas Parish |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2010, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 110 meter hekk herrer, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 110 meter hekk menn |
Aktiv
endreI OL-finalen 2012 sette Parchment landsrekord på 110 m hekk med 13,12 sekund, noko som gav han bronsemedaljen bak Aries Merritt og Jason Richardson. Sommaren 2013 forbetra han rekorden til 13,05 i Eugene, før han 5. juli 2014 i Paris gjorde sitt livs kjappaste korthekkløp på 12,94 sekund. Ved verdsmeisterskapen 2015 i Beijing sprang Parchment årsbeste 13,03 og fekk sølv, slått med fem hundredels sekund av russaren Sergej Sjubenkov.
Etter tre sesongar på eit lågare toppnivå, kom Parchment i 2021 tilbake i verdstoppen. Under sommarleikane i Tokyo i 2021 vann han gullmedaljen med tida 13,04, Grant Holloway frå USA kom på sølvplass. I Friidretts-VM 2022 hadde Parchment nest beste tid i semifinalane, men ein skade gjorde at han ikkje stilte i finalen. Året etter kneip han sølvmedaljen i VM-finalen i Budapest. Ei vekes tid etter VM sigra han i DL-stemnet i Xiamen på tida 12,96, hans neste raskaste løp nokon gong.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- OL 2012 i London: Bronsemedalje – 13,12
- VM 2013 i Moskva: Utslått i semifinalane
- VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 13,03, bakom Sergej Sjubenkov (12,98)
- VM 2017 i London: Nr 8 – 13,37
- OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje – 13,04, framom Grant Holloway (13,09)
- VM 2022 i Eugene: Deltok ikkje i finalen (13,02=nr 6)
- VM 2023 i Budapest: Sølvmedalje – 13,04, bakom Grant Holloway (13,09)
Kjelder
endre- World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Hansle Parchment» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2023.