Jaroslav Bába
Jaroslav Bába (fødd 2. september 1984) er ein tsjekkisk tidlegare høgdehoppar frå Karviná som vann bronsemedaljen i øvinga under Sommar-OL 2004 i Aten.
Jaroslav Bába | |
Statsborgarskap | Tsjekkia |
Fødd | 2. september 1984 (40 år) Karviná |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2004, Friidrett under Sommar-OL 2016 |
Aktiv
endreUnder Sommar-OL i Aten var Bába ein av fire utøvarar som tok seg over 2,34 m. Einast svenske Stefan Holm svinga seg over 2,36 m, dermed vart det sølv på Matt Hemingway frå USA og bronse på Bába då sistnemnde hadde fleire riv i tevlinga. Året etter sette Bába den 8. juli livsbeste i høgdehopp då han svinga seg over 2,36 meter i Roma.
Tiåret 2005-15 var Baba medaljekandidat i dei fleste store meisterskapane, utan å lukkast innfri. Han kom på femteplass i verdsmeisterskapane 2005 og 2009, samt i EM 2010. Nærast medalje var han VM 2011 i Daegu og EM 2014 i Zürich, i begge desse tevlingane vart han fjerdemann på same høgda som dei respektive bronsemedaljørane. Han fekk bronse i innandørs-EM 2013 i Göteborg etter å ha klart 2,31 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- VM 2003 i Paris: Nr 11 – 2,25 m
- OL 2004 i Aten: Bronsemedalje – 2,34 m
- VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 2,29 m
- VM 2007 i Osaka: Nr 8 – 2,26 m
- OL 2008 i Beijing: Nr 6 – 2,29 m
- VM 2009 i Berlin: Nr 5 – 2,23 m
- EM 2010 i Barcelona: Nr 5 – 2,26 m
- VM 2011 i Daegu: Nr 4 – 2,32 m
- EM 2012 i Helsinki: Nr 8 – 2,24 m
- OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (2,21 m=nr 21)
- VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (2,25 m=nr 14)
- EM 2014 i Zürich: Nr 4 – 2,30 m
- VM 2015 i Beijing: Nr 7 – 2,29 m
- EM 2016 i Amsterdam: Nr 7 – 2,24 m
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 14 – 2,20 m
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jaroslav Bába» frå Wikipedia på tysk, den 14. juni 2020.