Limoges
Limoges (Lemòtges / Limòtges på oksitansk) er ein by i Frankrike med eit folketal på 130 000. Storbyområdet har 247 944 innbyggjarar. Limoges er prefecture (hovudstad) i departementet Haute-Vienne, og den administrative hovudstaden i tidlegare regionen Limousin.
Limoges | ||
---|---|---|
Brua Saint-Étienne over Vienne i Limoges | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land Region Departement |
Frankrike Nouvelle-Aquitaine Haute-Vienne | |
Grunnlagd | 10 fvt. | |
Geografi | ||
Flatevidd | 78,03 km² | |
Flatevidd - By |
77,45 km² | |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik - Storbyområde |
133 968 1 730/km² 247 944 | |
Koordinatar | 45°49′09″N 01°15′05″E / 45.81917°N 1.25139°E | |
Høgd over havet | 294 m | |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: Nettsida til byrådet | ||
Plassering | ||
Limoges er verdskjend for den glasserte emaljen frå mellomalderen (Limogesemalje) på kopar, for porselen frå 1800-talet (Limoges-porselen) og for eiketønnene (Limousin-eik), som vert nytta i produksjonen av konjakk.
Historie
endreByen vart grunnlagd av romarane som Augustortium rundt år 10 fvt., men galliske stammer skal ha vore busett i området før den tid. Romarane bygde mellom anna eit amfiteater i byen, i tillegg til forum, bad og heilagdomar.
På 200-talet reiste dei fleste innbyggjarane frå byen, sidan germanarane invaderte området. Folkesetnaden flytta i staden til område som var lettare å forsvare. På 900-talet vart det oppretta eit kloster i byen, som etter kvart fekk eit stort bibliotek. Dette førte til at Limoges på 1000-talet vart eit blømande kunstnerisk senter, og det vart mellom anna oppretta ein viktig musikkskule. Den mest vidkjende eleven ved skulen var trubadur Bertran de Born på 1200-talet.
I 1370 vart Limoges okkupert av Edward, den svarte prinsen, arving til den engelske trona, som massakrerte 3 000 menneske.
Under den franske revolusjonen vart mange religiøse bygningar, som ein såg på som symbol på det gamle regimet, øydelagd, mellom anna klosteret frå 900-talet. Nokre år seinare utvikla porselensindustrien seg i byen, fordi ein fann kaolinitt i området. Dei fleste innbyggjarane vart på ein eller annan måte involvert i denne industrien, t.d. tømmerhoggarar som gav tømmer til koking av porselenen.