Lorns Skjemstad
Lorns Olav Skjemstad (fødd 10. mars 1940) i Inderøy) er ein norsk tidlegare langrennsløpar. Hans beste tevlingresultat kom i Holmenkollen i 1965 då han vann 15 km. Same sesongen vart han noregsmeister på 30 km. Skjemstad høyrde med mellom dei beste i norsk langrenn åra 1964-69. Han la opp i 1969, og byrja som trenar. Han bur på Røros.
Lorns Skjemstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. mars 1940 Inderøy kommune |
Død |
18. februar 2024 (83 år) |
Yrke | langrennsløpar, skribent, langrennstrener |
Lorns Skjemstad på Commons |
Skjemstad representerte Noreg under Ski-VM 1966 i Oslo og OL 1968 i Grenoble. Han vart nummer 8 på 30 km i Oslo og nr 11 på same distansen i Grenoble. Skjemstad har tre individuelle NM-medaljar. I 1965 tok han gull på 30 km og sølv på femmila, og i 1969 tok han sølv på 15 km.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
endre- 1965: Vinnar av 15 km i Holmenkollen
- 1966: Nr 8 på 30 km under VM i Oslo, nr 2 på 15 km og nr 3 på 50 km i Lahti
- 1967: Nr 8 på femmila i Holmenkollen
- 1968: Nr 11 på 30 km under OL i Grenoble
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 1964: Nr 6 på femmila i Bærum
- Ski-NM 1965: Gullmedalje på 30 km på Fåberg, sølvmedalje på 50 km i Bærum
- Ski-NM 1966: Nr 5 på 15 km i Hernes
- Ski-NM 1967: Nr 7 på 15 km i Skorovatn
- Ski-NM 1968: Nr 4 både på 30 km, Bærum og 50 km Hønefoss
- Ski-NM 1969: Sølvmedalje på 15 km i Alvdal
Etter han slutta som aktiv langrennar, tok Skjemstad til som langrennstrenar. Han forfatta fleire bøker om langrennstrening.
Bibliografi
endre- Langrenn – trening for gutter og jenter (1970)
- Skismøring: Råd for tur- og langrennsløpere (1971) - skrive saman med Michael M. Brady - ISBN 82-09-00035-7
- Langrennsboka for turgåere og konkurranseløpere (1972) - skrive saman med Michael M. Brady - ISBN 82-504-0020-8
- Skiforeningens lille langrennsbok for jenter og gutter (1972) - ISBN 82-504-0000-3
- Nye langrennsboka (1980) - revidert utgåve av Langrennsboka for turgåere og konkurranseløpere (1972) ISBN 82-504-0390-8
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar