Malaria (frå italiensk mala aria som tyder «dårleg luft») er ein alvorleg tropisk og subtropisk febersjukdom. Det er parasittar i slekta Plasmodium som er årsak til malaria. På verdsbasis valdar malaria sjukdom hos 300-500 millionar menneske kvart år. Av desse er det rekna at 1,5-2,7 millionar døyr. I Noreg vert det rapportert om 50-100 tilfelle av importert malaria årleg, i 1999 var det 74 tilfelle. Dødsfall på grunn av malaria er sjeldan i Noreg.[1]

Utstryk av blod som viser parasitten Plasmodium Vivax inne i ein raud blodlekam.
Malariamygg (Anopheles).

Malariaparasitten

endre

Det finst fire parasittartar parasitter som angrip menneske: Plasmodium vivax, Plasmodium ovale, Plasmodium falciparum, og Plasmodium malariae. Det er Pl. falciparum som er mest frykta ettersom han kan føra til alvorleg blodmangel og angripa hjernen. Hoer av malariamygg (Anopheles) kan overføra parasittane ved å suga blod frå ein smitta person og deretter ein annan. Smitten blir overført når myggen sprøyter blodfortynnande stoff som skal hindra at blodet koagulerer før han tek ut blod. Når parasitten er blitt overført til mennesket går han via blodårene til leveren der han formeirer seg. Etter 7-14 dagar spreier parasittane seg tilbake til blodårene og inn i dei raude blodlekamane der han fortset å formeira seg.

Å redusera malaria er eit av tusenårsmåla til SN.

Kjelder

endre
  1. «Malaria». Pasienthåndboka.no. Henta 3. august 2007. 

Bakgrunnsstoff

endre