Moldavia
- Denne artikkelen handlar om fyrstedømet. For den moderne staten, sjå Moldova.
Moldavia (offisielt Moldova) er ein historisk region og eit tidlegare fyrstedøme i Aust-Europa, som ligg mellom Aust-Karpatane og elva Dnestr. Han var i starten ein sjølvstendig og seinare autonom stat som eksisterte frå 1300-talet til 1859, då han vart slått saman med Valakia, og danna grunnlaget for den moderne staten Romania. Staten inkluderte i periodar områda Bessarabia (med Budjak) og heile Bukovina. Den vestlege delen av Moldavia er i dag ein del av Romania, medan den austlege delen høyrer til den sjølvstendige staten Moldova, og den nordlege og søraustlege delen av regionen høyrer til Ukraina.
Moldova (Ţara Moldovei) Fyrstedømet Moldavia | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Moldavia og områda deira under Stefan den store, om lag 1500 | ||||
Hovudstad | Baia, Siret, Suceava, Iaşi | |||
Språk | Kyrkjeslavisk (offisielt) | |||
Styreform | Fyrstedøme | |||
Fyrstar av Moldavia (voivodar, hospodarar) | ||||
- 1346-1353 | Dragoş - den første | |||
- 1859-1862 | Alexandru Ioan Cuza - den siste | |||
Historie | ||||
- Grunnlegginga av den moldoviske grensemarken | 1346 | |||
- De Jure union med Dei donauske fyrstedøma | 1862 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Moldavia» frå Wikipedia på engelsk, den 7. juli 2008.
Denne geografiartikkelen som har med Romania og Moldova å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.