Mosul-demninga (arabisk سد الموصل, kurdisk Bêndawi Mûsil), tidlegare kjend som Saddam-demninga ( سد صدام) er den største demninga i Irak. Ho er bygd over Tigris, vest i guvernementet Ninive, oppom byen Mosul. Demninga vart nytta til vassenergi og vatning. Ved full kapasitet held demninga attende kring 11,1 kubikkilometer vatn og gjev drikkevatn og elektrisitet til 1,7 millionar innbyggjarar i Mosul.

Mosul-demninga
demning
Land  Irak
Guvernement Ninive guvernement
Tilsig Tigris
Utløp Tigris
Stad 70 km nord for Mosul
 •  høgd 330 moh.
 - koordinatar 36°37′49″N 42°49′23″E / 36.63028°N 42.82306°E / 36.63028; 42.82306
Lengd 3 400 m
Breidd 10 m
Høgd 113 m [1]
Grunnlagd 7. juli 1986
Innsjø Dahuksjøen
Kart
Mosuldemninga
36°37′51″N 42°49′27″E / 36.63083°N 42.82421°E / 36.63083; 42.82421
Kart som viser Mosuldemninga.
Kart som viser Mosuldemninga.
Kart som viser Mosuldemninga.
Wikimedia Commons: Mosul Dam

Planlegging av demninga byrja i 1950-åra, men byggjinga byrja ikkje før i 1981 og stod ferdig 7. juli 1986.

Den historiske borga Aski Mosul før ho vart lagt under vatn.

Under den amerikanskleia invasjonen av Irak i april 2003, var det frykt for at irakiske styrkar skulle sprengje hol i demninga. I fleire veker i juli og august 2014 hadde Den islamske staten kontroll over Mosul-demninga.[2] Den 17. august 2014 tok Peshmerga og den irakiske hæren over kontrollen av demninga igjen.[3]

Kjelder

endre
  1. «Iraqi-demninga Assessments». Irak: United States Army, Corps of Engineers. 6. juni 2003. Arkivert frå originalen (PDF) 17. februar 2019. Henta 27. februar 2012. 
  2. Tilghman, Andrew (2. september 2014). «Islamic State still threat to Mosul-demninga, Pentagon says». Army Times. Henta 16. oktober 2014. [daud lenkje]
  3. «kurdisk forces 'retake Mosul dam' from IS militants». BBC News. 17. august 2014. Henta 17. august 2014.