Nukleinsyre
polymerisk makromolekyl
Nukleinsyrer er ein type polymerar som er biomolekyl, det vil seia at dei finst i organismar. Dei er makromolekyl som er spesialiserte til å lagra, overføra og bruke genetisk informasjon, og omfattar deoksyribonukleinsyre - DNA - og ribonukleinsyre - RNA.
Oppbygging
endreEi nukleinsyre er bygd opp av nukleotidar som består av ein pentose, ein organisk base og ei fosfatgruppe. Ryggen på ei nukleinsyre består av ei binding mellom ei fosfatgruppe og neste pentose. Denne bindinga er ei fosfodiesterbinding, og denne skjer mellom det 5. karbonatomet i ein pentose og det 3. karbonatomet i neste pentose.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nukleinsyre» frå Wikipedia på bokmål, den 29. april 2015.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Grønlien; Ryvarden; Tandberg (2008). Bi 2, grunnbok. Gyldendal undervisning.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Denne kjemiartikkelen som har med biologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.