Organisasjonen av oljeeksporterande land
Organisasjonen av oljeeksporterande land (engelsk Organization of the Petroleum Exporting Countries, forkorta OPEC) er ein internasjonal handelsorganisasjon som består av land som eksporterer petroleum. OPEC vart skipa 14. september 1960 i Bagdad i Irak. Frå 1965 har det internasjonale hovudkvarteret til organisasjonen vore i Wien i Austerrike. Føremålet til organisasjonen er å forhandla med oljeselskap om rettar knytt til petroleumsutvinng, prisar, og konsesjonsrettar. Landa som er med i OPEC har ei sams interesse i å halda oppe prisane på petroleumsprodukt, av di inntektene frå eksport av slike produkt utgjer ein stor del av nasjonaløkonomien. Landa som er med i OPEC kontrollerer etter offisielle tal kring 75 prosent av petroleumsressursane i verda. Kring 40 prosent av oljeforbruket i verda kjem frå OPEC-landa.
Organisasjonen av oljeeksporterande land | |||
| |||
The headquarters of OPEC in Vienna | |||
Bransje | Petroleumsverksemd | ||
---|---|---|---|
Skipa | 14. september 1960 | ||
Hovudkontor | Wien | ||
Land | internasjonal | ||
Produkt | petroleum | ||
Nettstad | https://www.opec.org (engelsk) |
Medlemsland
endre- Tidlegare
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2023) |