R
Alfabetet | |||||
A | B | C | D | E | |
F | G | H | I | J | |
K | L | M | N | O | |
P | Q | R | S | T | |
U | V | W | X | Y | |
Z | Æ | Ø | Å |
Bokstaven R (r) er den 18. bokstaven i det latinske alfabetet og den 17. bokstaven i det greske alfabetet (Ρ, ρ). Bokstaven stammar frå det fønikiske alfabetet. Det semittiske namnet er resh, som tyder hovud, og i den opphavlege biletskrifta viste teiknet eit hovud. Grekarane kalla han rho og romarane er. Det matematiske teiknet for rot, √, er i røynda ein r og forkorting for det latinske radix, som tyder «rot».
Runealfabetet har r som femte rune i første ætt. I norsk vert han vanlegvis uttalt med tungespissen som vibrerer eller slår mot området bak fortennene («rulle-r»), eller med drøvelen mot baktunga («skarre-r»).
R kan stå for
endre- registrert varemerke (vanlegvis med ein liten ring rundt: ®)
- eit programmeringsspråk, sjå programmeringsspråket R
- symbol for eininga røntgen og rayleigh.
- R er symbol for resistans og for den molare gasskonstanten, lik 8,31451 J/(mol · K).
- i matematikksymbol for mengda av alle reelle tal
- engelsk forkorting som ofte tyder royal (kongeleg) som i R.A.F. (Royal Air Force). I geografiske namn tyder det river eller «elv» (R. Tyne).
- latinsk forkorting som står for rarus, 'sjeldan'; recipe, 'ta' (på legereseptar); regina, regnum, respublica, rex, Roma, Romanus og fleire.
- jødisk forkorting for rabbi.
- i gregoriansk song forkorting for responsum («svar»).
- i musikk forkorting for ripieno, som tyder «full», «med alle stemmer» eller «fullt orkester».
- på urverk ei forkorting for retarder (fransk for «minske farten»).
- forkorting for ordensgraden riddar.
Kjelder
endre- «R – bokstaven» i Store norske leksikon, snl.no.