RNA-virus

underklasse av virus

RNA-virus er virus som nyttar RNA som arvestoff.[1] Dei nyttar organismar frå alle dei biologiske rika som vertar.[2] RNA-virus kan vera både dobbelttråda og enkelttråda. Dei enkelttråda RNA-virusa kan ha både positiv og negativ RNA-polaritet.[3] RNA-virus er den vanlegaste klassen av virus som valdar sjukdom hjå menneske.[4] RNA-virus har småe og tette genom.[1]

RNA-virus nyttar RNA-avhengig RNA-polymerase eller revers transkriptase til å kopiera genoma sine. Desse enzyma saknar korrekturlesing, og mutasjonar i genoma til RNA-virus vert slik lettare førte vidare. Dette fører til at RNA-virus utviklar seg mykje snøggare enn dobbelttråda DNA-virus, som nyttar DNA-polymerasar som kan byta ut range basar i det nye DNA-molekylet. Av ein ukjend grunn utviklar derimot enkelttråda DNA-virus seg like snøgt som RNA-virus, sjølv om dei nyttar DNA-polymerasar frå verten.[4]

Enkelttråda RNA-virus har ulike måtar å øksla seg på avhengig av polaritet. Dei med positiv polaritet kan setja om RNA-molekylet sitt direkte til protein, medan dei med negativ polaritet fyrst lyt skriva det av til bodberar-RNA før dei kan setja det om til protein.[3]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Lauring, Adam S; Frydman, Judith; Andino, Raul (2013). «The role of mutational robustness in RNA virus evolution». Nature Reviews Microbiology 11 (5): 327. PMID 23524517. doi:10.1038/nrmicro3003. 
  2. Elena, Santiago F (2012). «RNA virus genetic robustness: Possible causes and some consequences». Current Opinion in Virology 2 (5): 525–30. PMID 22818515. doi:10.1016/j.coviro.2012.06.008. 
  3. 3,0 3,1 Li, D; Wei, T; Abbott, C. M; Harrich, D (2013). «The Unexpected Roles of Eukaryotic Translation Elongation Factors in RNA Virus Replication and Pathogenesis». Microbiology and Molecular Biology Reviews 77 (2): 253. PMID 23699257. doi:10.1128/MMBR.00059-12. 
  4. 4,0 4,1 Holmes, Edward C (2008). «Evolutionary History and Phylogeography of Human Viruses». Annual Review of Microbiology 62: 307–28. PMID 18785840. doi:10.1146/annurev.micro.62.081307.162912. Arkivert frå originalen 7. april 2019. Henta 19. desember 2017. 
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.