Robert Browning (7. mai 181212. desember 1889) var ein britisk diktar som er kjend for diktsamlingane sine av dramatisk lyrikk, som The Ring and the Book.[1]

Robert Browning

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia
Fødd 7. mai 1812
London
Død

12. desember 1889 (77 år)
Venezia

Yrke skodespelforfattar, lyrikar, skribent, dramaturg
Religion ateisme
Ektefelle Elizabeth Barrett Browning
Born Robert Barrett Browning
Signatur
Robert Browning på Commons

Robert Browning var fødd i Camberwell i London som son av Robert Browning Sr og Sarah Anna Wiedemann. Faren hadde vore nokre år i ungdommen på Saint Kitts i Karibia, og fekk avsmak for korleis plantasjeeigarane behandla slavane der. Han drøymde om å bli kunstnar, men blei i staden ein vanleg kontorarbeidar ved Bank of England. Mor hans var av skotsk-tysk opphav og elska kunst, musikk og hagearbeid.

Allereie som barn var Browning svært lærelysten, samtidig som han elska friluftsliv og i tjueårsalderen var litt av ein dandy. Han var inspirert av både Shelley og av den tyske Sturm und Drang-rørsla.

Far hans hadde stor forståing for den litterære interessa til sonen, og betalte for dei fyrste utgjevingane hans, som Pauline (1830.). I 1840 kom Sordello ut, men ingen forstod kva verket handla om.

Familie

endre
 
Portrett av Elizabeth Barrett Browning og Robert Browning. Måleri av Thomas B. Read (1822 - 1872.)

Han blei interessert i dikta til Elizabeth Barrett Browning, og byrja ei livleg brevveksling med henne. Han møtte henne for fyrste gong i mai 1845. Far hennar var tyrannisk, og tykte ikkje noko om at døtrene hans hadde beundrarar. Som følgje gifta dei to seg i all løyndom i august 1846, og flykta sidan til Italia. Dei busette seg i Firenze, og hadde eit uvanleg lykkeleg ekteskap, som inspirerte han til fleire lovprisa diktsamlingar. Sonen deira, Robert, blei fødd 1849

Kona døydde i armane hans i juni 1861, og Browning fann det sidan uuthaldeleg å bli verande i Italia, der dei hadde hatt så mange lykkelege stunder saman. Han vende tilbake til London med sonen, og blei ein populær person i selskapslivet. Han budde heime hjå den gamle faren sin, og seinare, etter at faren var død i 1866, i lag med systera si.

Seinare år

endre

I alderdommen vende han tilbake til Italia og slo seg ned i Venezia, der han budde i huset til sonen. Browning døydde der i desember 1889.

Robert Browning er gravlagd i Westminster Abbey i London.[2]

Forfattarskap

endre

Dei fyrste publiserte diktsamlingane til Browning vekte inga merksemd. Men frå 1841 til 1846 gav han ut Bells and Pomegranates (‘Klokker og granateple’), og fekk gjennom dette verket ei stille som etablert poet. I Firenze arbeidde han med diktsamlinga Men and Women, som seinare gjorde han prisa. Etter at kona hans døydde vende Browning tilbake til London og skreiv dei best kjende verka sine, dikt i monologform, som The Ring and the Book (1868–1869), som handlar om ein mordprosess i Roma på 1600-talet.[3]

Verkliste

endre
  • 1833 – Pauline: A Fragment of a Confession
  • 1835 – Paracelsus
  • 1837 – Strafford (teaterpjäs)
  • 1840 – Sordello
  • 1841 – Bells and Pomegranates No. I: Pippa Passes
  • 1842 – Bells and Pomegranates No. II: King Victor and King Charles
  • 1842 – Bells and Pomegranates No. III: Dramatic Lyrics
  • 1843 – Bells and Pomegranates No. IV: The Return of the Druses
  • 1843 – Bells and Pomegranates No. V: A Blot in the 'Scutcheon
  • 1844 – Bells and Pomegranates No. VI: Colombe's Birthday
  • 1845 – Bells and Pomegranates No. VII: Dramatic Romances and Lyrics
  • 1846 – Bells and Pomegranates No. VIII: Luria and A Soul's Tragedy
  • 1850 – Christmas-Eve and Easter-Day
  • 1855 – Men and Women
  • 1869 – The Ring and the Book
  • 1871 – Balaustion's Adventure
  • 1871 – Prince Hohenstiel-Schwangau, Saviour of Society
  • 1872 – Fifine at the Fair
  • 1873 – Red Cotton Night-Cap Country
  • 1875 – Aristophanes' Apology
  • 1875 – The Inn album
  • 1876 – Pacchiarotto, and How He Worked in Distemper
  • 1877 – The Agamemnon of Aeschylus
  • 1878 – La Saisiaz and The Two Poets of Croisic
  • 1879 – Dramatic Idylls
  • 1883 – Jocoseria
  • 1884 – Ferishtah's Fancies
  • 1887 – Parleyings with Certain People of Importance in Their Day
  • 1889 – Asolando

Kjelder

endre
  1. «Robert Browning | Victorian Poet, Dramatist & Lyricist | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 8. desember 2023, henta 2. januar 2024 
  2. «Robert Browning - Poems, Books & Facts», Biography (på engelsk), 16. august 2023, henta 2. januar 2024 
  3. «>Robert Browning - Biography», victorianweb.org, henta 2. januar 2024