Romvandring
Ei romvandring er når ein romfarar oppheld seg utanfor romfarkosten sin. Ei romvandring kan skje ute i det tomme verdsrommet, eller det kan skje på ei framand overflate, som til dømes månen eller jamvel ein annan planet. Slike vandringar vert på engelsk kalla "Extra-vehicular activity", som fritt omsett til norsk vert "aktivitetar utanfor fartøyet".
Det første mennsket som utføyrde ei romvandring utanfor romfartøyet, var den sovjetrussiske kosmonauten Aleksej Leonov då han den 18. mars 1965 forlet romfarkosten Voskhod 2.
Nokre viktige datoar:
endre- 18. mars 1965: Den sovjetrussiske kosmonauten Aleksej Leonov forlet romfarkosten Voskhod 2 og utføyrer den første romvandringa i historia.
- 3. juni 1965: Under Gemini 4-ferda vert Edward White den første amerikanaren som gjennomføyrer ei romvandring.
- 20. juli 1969: Den første romvandringa på en framand himmellekam, då månelandaren Eagle (Ørna) ifrå Apollo 11 brakte Neil Armstrong og Buzz Aldrin til månen.
- 7. januar 1984: Den første romvandringa utan å vera forankra i noko romfartøy, vart utført av astronauten Bruce McCandless ved å sveve fritt i verdsrommet med ein Manned Maneuvering Unit på ryggen.
- 25. juli 1986: Kosmonauten Svetlana Savitskaja vart den første kvinnelege romvandraren, då ho oppheldt seg 3 timar og 35 minuttar utanfor romstasjonen Saljut 7.
- 9. desember 1988: Ved det tre vekers opphaldet sitt på romstasjonen Mir, vert franske Jean-Loup Chrétien den første romvandraren som ikkje er amerikansk eller russisk.
- 12. desember 2006: Under bygginga av den internasjonale romstasjonen vert den norskætta svensken Christer Fuglesang den første skandinaven som utfører ei romvandring.
Rekordar
endre- Den lengstvarige romvandringa som er utført er på 8 timar og 56 minuttar, og vart gjord av den amerikanske astronauten Susan J. Helms den 11. mars 2001.
- Anatolij Solovjev held begge rekordane for antal romvandringar samt for total lengde med 16 romvandringar på til saman 82 timar, 22 minuttar.