Småland
- For tettstaden Småland i Inderøy, sjå Småland i Trøndelag.
Småland er eit landskap i aust-Götaland i sør-Sverige som i nord grensar til Östergötland, i sør til Skåne og Blekinge, i vest til Halland og Västergötland og har kyst mot Austersjøen i aust. Det høgaste punktet er Tomtabacken med sine 377 meter over havet.
Småland | |||
landskap | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Län | Kronobergs Jönköping Kalmar Mindre delar av: • Halland • Östergötland | ||
Del av | Sverige | ||
Areal | 29 330 km² | ||
Folketal | 776 277 (31. desember 2020)[1] | ||
Småland 57°06′04″N 14°53′53″E / 57.101°N 14.898°E | |||
Wikimedia Commons: Småland |
I landskapet inngår heile Kronobergs län, store delar av Jönköpings län i tillegg til fastlandsdelen av Kalmar län. Dessutan inngår delar av Östergötlands län (Tryserum, Östra Ed, Gärdserum og Hannäs sine kyrkjekrinsar) samt delar av Hallands län (Femsjö, Färgaryd, Jälluntofta, Långaryd og Södra Unnaryd sine kyrkjekrinsar og delar av Torup sin kyrkjekrins).
Småland er eit av dei mest sjørike landskapa i Sverige.
Fleire forfattarar og andre kunstnarar som har gjort Småland meir kjent er mellom andre Astrid Lindgren, Vilhelm Moberg, Ingvar Kamprad og Döderhultarn.
Kjende smålendingar
endre- Nils Dacke, opprørsleiar
- Stefan Edberg, tennisspelar
- Albert Engström, kunstnar, forfattar
- Agnetha Fältskog, songar, ABBA
- Ingvar Kamprad, entreprenør, IKEA-eigar, mangemilliardær
- Pär Lagerkvist, forfattar, poet, nobelprisvinnar
- Astrid Lindgren, forfattar
- Vilhelm Moberg, forfattar
- Charlotte Perelli (fødd Nilsson), songar, Grand Prix-vinnar
- Lena Philipsson, songar
- Mats Wilander, tennisspelar
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Folkmängd i landskapen den 31 december 2020». Statistiska centralbyrån.