Sophus Kahrs
Sophus Buck Kahrs (28. mars 1918–18. november 1986)[1] var ein norsk hirdmann og frontkjemparoffiser under andre verdskrigen.[2][3]
Sophus Kahrs | |
Vidkun Quisling med seks norske frontkjemparar, blant dei Arne Nilsen og Sophus Kahrs. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. mars 1918 Gulen kommune |
Død |
1. juli 1986 (68 år) |
Yrke | frontkjemper |
Politisk parti | Nasjonal Samling |
I 1934 meldte Kahrs seg inn i Nasjonal Samling.[2] Han blei også med i Hirden, og var frå 1936 medlem i NS Kamporganisasjon.[2] Under andre verdskrigen blei han løytnant, og ei stund fungerande bataljonssjef i den norske skijegerbataljon (1944) som deltok i krigen på tysk side.[3] Før dette blei han send til Austfronten som troppsførar og kompanisjef ved Leningrad, i Den norske Legion.[2] For innsatsen sin i 1944 i Karelen blei han tildelt Jernkrossen av 1. klasse.[3] Kahrs var ved krigens slutt leder for Førergarden,[2] Vidkun Quislings livgarde.
I landssvikoppgjeret etter krigen blei Kahrs dømt til 10 år straffarbeid og 19 års fengsel.[2] 3. juli 1947 rømte han, saman med tre andre, frå Espeland fangeleir.[2] I lag med ti andre landssvikdømte flykta han til Sør-Amerika med båten «Solbris» i 1947. [4] I Brasil vart han halden igjen av styresmaktene i nesten eitt år før han fekk reise vidare til Buenos Aires i Argentina, der han vart buande livet ut.
Kjelder
endre- ↑ www.frontkjemper.info: «Sophus Buck Kahrs»[daud lenkje]
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Frode Bjerkestrand: «Arven etter Solbris», Bergens Tidende, 5. mai 1995, s. 14.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Bjørn Brøymer: «En NS-røst fra Argentina», Aftenposten, morgen, 19. mars 1988 , s. 9.
- ↑ «Solbris» i Norsk krigsleksikon/NoregsLexi
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sophus Kahrs» frå Wikipedia på bokmål, den 16. januar 2019.